Pedagogisk Psykologisk teneste (PP-tenesta) er Stranda kommune sin rådgivande og sakkunnige instans når det gjeld utvikling, læring og trivsel for barn under skolepliktig alder og elevar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. PP-tenesta hjelper også vaksne med behov for grunnskoleopplæring. Arbeidet til PP- tenesta er heimla i opplæringslova (oppll.). PP-tenesta er ein fagleg ressurs for barnehagar/skolar for å leggje opplæringa betre til rette for barn og elevar med særskilde behov.
Stranda PPT er ei kommunal teneste som også Møre og Romsdal fylke kjøper tenester frå, til vidaregåande opplæring på Stranda vgs og Vestborg vgs, til lærlingar og lærekandidatar.
PP-tenesta har teieplikt. Opplysningar om barnet/eleven er unnatekne det offentlege, og blir ikkje gitt vidare utan at foreldra har godteke det. Informasjon om barnet/eleven skal oppbevarast i ein eigen journal/ei eiga mappe etter retningslinjer frå Datatilsynet.
Du kan kontakte skolen, barnehagen, helsestasjonen eller PPT for å få hjelp med tilvisninga.
Tilvisingane vert behandla fortløpande. Tenesta er gratis.
Individuelt tilrettelagt opplæring, jf. opplæringslova §11-7:
Før kommunen avgjer om ein elev har krav på individuelt tilrettelagd opplæring (ITO), skal dei hente inn ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT). PPT skal ta stilling til om eleven treng ITO Dersom eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging etter §§ 11-4 og 11-5, skal den sakkunnige vurderinga gi ei heilskapleg vurdering av kva for tilrettelegging eleven treng. Kommunen kan berre fråvike den sakkunnige vurderinga dersom dei kjem til at eleven kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa på ein annan måte. Ei slik avgjerd skal vere grunngitt i vedtaket. I vedtak om ITO kan det gjerast unntak frå reglane om innhaldet i og organiseringa av opplæringa. Eleven eller foreldra må samtykkje før kommunen gjer ei sakkunnig vurdering, og før dei gjer vedtak om ITO. Eit tilbod om individuelt tilrettelagd opplæring skal utarbeidast i samråd med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på kva eleven og foreldra meiner.