Fritak frå undervisning

ELEVPERMISJON

- SØKE OM FRI FRÅ OPPLÆRING


Rutine for føresette

Søknad på Visma - sjå link under.

Logg inn med ID-porten.


I opplæringslova § 2-11: Permisjon frå den pliktige opplæringa, står det:

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Kontaktlærar kan gje fri inntill 3 dagar. Rektor kan gje fri inntil to veker. Dersom fråværet er lenger enn to veker må eleven meldast ut av skulen.

Ein oppmodar foreldre om å legge lengre reiser til skulen sine ordinære feriar. Ein minner også om foreldreansvaret i høve skulen og skulearbeidet når foreldra tek borna ut av skulen. Alle permisjonar frå undervisning skal søkast om på visma heimeweb.


Viss det gjeld sjukdom, lege, spesialist, tannlege eller begravelse skal dette ikkje søkast om på Visma - heimeweb. Fråvær skal føresette legge inn i appen Min skole, under “Meld fravær”.



Ringstad Skule, 24.03.2022



Lenke til heimeweb: