Elevane har etter § 12-2 rett til eit trygt og godt skulemiljø. Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.
Skulereglement for grunnskulen i Stranda kommune har som mål å fremje trivsel, samarbeid, respekt og medansvar for alle i skulesamfunnet. Skulereglane skal vere rettesnor for korleis vi organiserer skulekvardagen på best mogeleg måte, og korleis vi løyser problem som eventuelt måtte oppstå.