Dikt Frå Tanke & Sjel
Jonnas Gamle Dikterkunster
Førarkortet
Så var det gjort,
Eg har fått meg kort.
Ein vegens ryttar har eg blitt,
Det går no opp for meg
-litt etter litt.
Ho mor og han far
Må ikkje lenger vera med,
Eg har blitt sjølvstendig
-følar at eg har komi inn
blant dei vaksne.
Eit veldig stort ansvar
Kvilar på meg no,
Eg står nå der
Kor dei gamle rånerne stod.
No kan eg syngje,
No er eg blid
-følar meg så fri.
-Jon Arne /99
Vårsnue
Høyr, no smeltar snogen att.
Vatnet renn, dag som natt.
Sola smilar vakkert no,
Kjem med glede- varm og god.
Sinnet letnar, nasen tetnar.
Ja, no er endeleg våren her.
-Jon Arne /99
Svik
Jenta sveik deg, det var tungt.
Eit eventyr som var så ungt.
Blei brått og inderleg avslutta.
Ho låg med ein annan den
Skjebnesvangre natta.
Vonbroten og full av agg
Holdt du deg hard og sa nei
Da ho tagg.
Og nå er jaktmarkene atter klare.
Guten skal over småvilt fare.
-Jon Arne /99
No vert det vår
Snogen blenkar, fell ei tåre.
Reisar no med brask og bram.
Bert i bakken, bortmed grinda
-sit ein einsam løvetann.
-Jon Arne /99
Lengsel
Lengsla riv han opp frå inni,
Hugen trengjar på i kveld.
Hastar no med eitt for honom,
Skulefesten er snart på hell.
Gløymer plutseleg alt og alle,
Er som om verda heilt står stille.
Med eitt kjem han til seg sjølv,
Og forstår:
Det var ikkje dette han ville.
-Jon Arne /98
Vemund tenkjer
Sveitten renn og stemmen skjelver,
Kjem ho hit og sett seg ved meg?
Sjå, ho smilar, hugser enda
-kvelden då eg gjorde eit feilsteg.
-Jon Arne /98
Kos på Kav
Sein fredag, mykje folk å sjå.
Feirer ferie i lag, har det kos
-sjølv om det snart er slutt nå.
Like tankar, tankar som for ein
Augneblink er borte.
Berre lite grann, slik som
Sommernetter er korte.
Slik forenes to i lag,
Gløymer alt om skulejag.
Drøymer seg langt vekk frå
Samtida.
Vaknar opp, og ja
-han angra.
-Jon Arne /98
Sår og Svik
Han vil ikkje såre, det blei berre slik.
Jenta var villig, og guten var seg sjølv lik.
Men no som dagen derpå kjem fram,
Følar han seg utilpass og klam.
Kva vil ho han har kjær tru?
Han sveik ho, og tenkjar på det
Med skrekk og gru.
-Jon Arne /99
Russetida
Så samlast ungdomen seg atter ein gong,
Til festing, fischling, drikking og song.
År etter år så ser me dei att,
Desse oppdressa unge
-i kvitt, raudt, blått og svart.
Dei bråkar og har det trivligt i lag,
Tenkjar ikkje på skulefag.
Følar seg fri, følar seg vel,
Festar hardt frå morgo te' kveld.
Søtten dagar til ende skal me halde på,
Spy, synge, krabbe, kline, klå.
No er ho komen, mai er no her.
Håper at alle ei skikkeleg fin russetid fer!
-Jon Arne /99
Djupe tankar
Høyrer vinden.
Ka finst der oppe?
Finner det kanskje ut
-den dagen livet skal stoppe.
-Jon Arne /98
Det siste andedraget
Var med eitt på den andre siden.
Såg ein kvitkledd mann på enden av stien.
Strakk ut hånda, varm og god.
Såg ned på meg sjølv
-var dekt av blod.
Mannen smilte, og eg tok eit skritt.
Kom inn i varmen, livet rant ut
-litt etter litt.
-Jon Arne /98
Rudihagen © 2006