Ta din åre fatt
Publiseringsdato: Apr 15, 2010 7:59:5 PM
Har du ein robåt, har du det du treng for trening, friluftsliv, behageleg tur langs strandlinja, og rikeleg med sjelefred. Ingen moturdur eller eksos. Kun stille åretak, fugleliv og fisk som vaker.
Forbundet KYSTEN og Blindleia Kystlag har som mål at flest muleg oppdagar gledene det er å ro tradisjonsbåtar. Ta din åre fatt! er ein nasjonal kampanje i regi av Forbundet KYSTEN. Gjennom denne kampanjen inviterer vi alle som har lyst til å ta årene fatt. Kampanjen består av Roknappen og Den gyldne åre.
Ro, ro til fiskeskjær: Gjennom 2010 vil Småbåtgruppa i Blindleia Kystlag invitere til felles roturar for medlemmar og andre ro-interesserte.
Roknappen
Du kan ta roknappen på fellestur med Blindleia Kystlag, eller på andre arrangement der Blindleia Kystlag stiller med småbåtar. Følg med på http://www.blindleiakystlag.no/ for å sjå arrangement som vert annonsert. Krav til gjennomføring av roknappen ser du under.
Les meir og last ned brosjyre om Roknapen her
Den Gyldne åre
Den gylne åre er ein konkurranse delt inn i fleire kategoriar. Her kan kystlag, foreninger og enkeltpersonar konkurrere om å vinne "Den gylne åre". Konkurransen er lagt opp slik at både dei som vil ro lengst muleg og dei som har rodd flest turar uavhengig av lengde kan være med. Gammal som ung.
Premiering:
Til den person som har rodd flest turar i løpet av sesongen.
Til det kystlag/forening som samla har rodd flest turar i løpet av sesongen.
Til den person som har rodd flest antall nautiske mil i løpet av sesongen.
Til det kystlag/forening som samla har rodd flest antall nautiske mil i sesongen.
Til den arrangør som har fått flest til bestå ”Roknappen”.
Sesongen varer frå 15. april til 31. oktober. Les meir om reglar og registrering her.