Ro-program for sesongen 2012

Velkommen til ny sesong med felles roturar med Blindleia Kystlag. Igjen kan du nyte lyden av bølgjer mot treskrog, lukta av tjæra båt og det hyggelege samværet med andre i Kystlaget.

    • Møt på Verven (kartlink),

    • Tid: Torsdag annakvar veke kl 18. Sjå datoar under.

    • Du kan ta med din eigen robåt om du har, eller bli med som mannskap på ein av dei andre båtane.

    • Ta med:

      • Redningsvest (obligatorisk).

      • Klede etter forholda. Husk, det er kaldt på sjøen om kvelden.

      • Litt mat/drikke - vi tek vanlegvis ein liten rast undervegs.

      • Godt humør :-)

    • Turmål vert bestemt i fellesskap før avreise frå Verven. Turen varer 1-3 timar, avhengig av kor turen går.

    • Spørsmål? Kontakt Per-Oddvar Osland (Tlf 99286861 eller epost p-osland krøllalfa online.no)

Planlagte turar 2012