Bli med på rotur med Blindleia Kystlag!
I 2010 vil Småbåtgruppa i Blindleia Kystlag dra i gang felles aktivitet knytta til bruk av småbåtar, spesielt robåtar. Dette er del av Forbundet Kysten sin kampanje Ta din åre fatt. Vi møtest på Verven annakvar torsdag for fellestur i Lillesand sin fantastiske skjærgard. Du kan ta med din eigen robåt om du har, eller bli med som mannskap på ein av dei andre båtane.
Alle er velkomne: Kvinner og menn, landkrabbar og sjøulkar, unge og gamle (barn under 14 år bør ha følge av ein voksen). Du treng ikkje vere medlem i kystlaget for å delta, og du treng ikkje ha erfaring med roing. NB Redningsvest er påbudt.
Turmål vert bestemt i fellesskap før avreise frå Verven. Turen varer 1-3 timar, avhengig av kor turen går. Spørsmål? Kontakt Per-Oddvar Osland (Tlf 99286861 eller epost p-osland krøllalfa online.no)
Oppmøte: Verven (kartlink),
Tid: Annakvar torsdag kl 19. Sjå datoar under.
Ta med:
Redningsvest (obligatorisk).
Klede etter forholda. Husk, det er kaldt på sjøen om kvelden.
Litt mat/drikke - vi tek vanlegvis ein liten rast undervegs.
Godt humør :-)
Etter turen: Husk å registrere turen din i Forbundet Kysten sin konkurranse Den gyldne åre
Turlogg
Veke (dato) og los frå Blindleia Kystlag
16 (22.4) Los: Per-Oddvar.
18 (6.5) Los: Unni. Logg
20 (20.5) Los: Stein Erik
22 (3.6) Los: Harald. Logg
24 (17.6) Los: Per-Oddvar.
26 (1.7) Los: Unni.
28 -- Ferie --
30 -- Ferie --
32 (12.8) Los: Stein Erik.
34 (26.8) Los: Harald. Logg
36 (9.9) Los: Per-Oddvar.
38 (23.9) Los: Unni
40 (7.10) Los: Stein Erik. Logg
42 (21.10) Los: Harald