Sesongstart for roing med Blindleia Kystlag

Publiseringsdato: May 15, 2011 8:41:47 PM

Den 12.5 møttes Thor, Wenche og Per-Oddvar for første felles rotur. Det var ein usedvanleg fin kveld med laber bris og sol. Den gode stemninga frå 2010 var absolutt intakt. Lillesandsposten kom for å ta bilde og skrive reportasje om arrangementet, så den 24.5 vert vi å sjå i avisa :-) Ved neste rotur vil det forhåpentlegvis vere fleire som møter opp for å delta.

Turen gjekk ut Storegapet, til Hestholmbukta, gjennom Spring Inn, og ut til holmane utanfor. Vi la oss til på ein holme med ein liten lagune og ein liten "fjelltopp". Der vart det, tradisjonen tru, medbrakt niste og koseleg prat.

Gjennom Spring Inn

Wenche og Thor i god driv

Koseleg holme med Saltholmen i bakgrunnen.

Bindalsfæring og Åfjordsbåt trygt i havn

Wenche og Thor i solnedgang