Velkommen til ny sesong med felles roturar med Blindleia Kystlag. Vi følgjer opp suksessen frå i fjor: "Ro, ro til fiskeskjær" (2010). Igjen kan du nyte lyden av bølgjer mot treskrog, lukta av tjæra båt og det hyggelege samværet med andre i Kystlaget.
Slik foregår det
Møt på Verven (kartlink),
Tid: Torsdag annakvar veke kl 19. Sjå datoar under. NB Frå 8.9 møter vi kl 18.
Du kan ta med din eigen robåt om du har, eller bli med som mannskap på ein av dei andre båtane.
Ta med:
Redningsvest (obligatorisk).
Klede etter forholda. Husk, det er kaldt på sjøen om kvelden.
Litt mat/drikke - vi tek vanlegvis ein liten rast undervegs.
Godt humør :-)
Turmål vert bestemt i fellesskap før avreise frå Verven. Turen varer 1-3 timar, avhengig av kor turen går.
Spørsmål? Kontakt Per-Oddvar Osland (Tlf 99286861 eller epost p-osland krøllalfa online.no)
Planlagte turar 2011
Første tur i år - fantastisk!
* Oppmøte på Verven kl 18.