Kvalitetsplan

For barnehagane i Finnøy Kommune 2018-2020

Klikk "Start" oppe til høgre for å sjå kapitla

Kvalitetsplanen for barnehagane i Finnøy kommune har fleire funksjonar.

  • Han er ei rettesnor for barnehageeigar og dei tilsette i barnehagen og seier korleis barnehagen arbeider med mål, innhald, arbeidsmåtar og progresjon.
  • Planen er også eit informasjonsdokument om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til foreldra, kommunal mynde og politikarane i kommunen.
  • Han skal sikra kvalitet og kontinuitet i barnehagen.
  • Barnehagen skal vera ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverka i dette arbeidet.

Kvalitetsutviklingsplanen vil vera gjeldande for fleire år, medan kvar barnehage utarbeider årsplanar for kvart år.