Kropp, rørsle, mat og helse

Barnehagen skal leggja til rette for at alle born kan oppleve rørsleglede, mentalt og sosialt velvære, og psykisk og fysisk helse.

Me vil setja rammeplanen ut i praksis gjennom at:

  • borna får vera direkte involverte i heile prosessen med matproduksjon. Dei skal få vera med på å dyrka og laga eigen mat, førebu måltid i barnehagen og oppleva matglede.
  • borna får oppleva og vidareutvikla rørsleglede og kroppsleg meistring gjennom aktivitetar både ute og inne. Me vil leggja til rette for korte og lengre turar og læra borna ulike rørsleleiker, men samtidig gi dei rom til fri utfalding.
  • borna blir trygge på eigen kropp og grensesetting for seg sjølv og andre gjennom samtalar, bøker, songar og utforsking. Me vil gje borna positiv oppfatning av seg sjølve og bli kjende med eigne kjensler mellom anna gjennom materiell frå Være Sammen.

Klikk HER for å sjå kva Rammeplanen seier om dette fagområdet.