Overordna styringsinstansar

Lov om barnehagar

Barnehagen blir driven ut frå Lov om barnehagar. Lova angir barnehagen sine hovudoppgåver og normer for organisering i høve til verksemda si bemanning, areal og barnegrupper.

I den første paragrafen i Lov om barnehagar heiter det:

Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta bornas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.

Barnehagelova §1 Formål, 1. ledd.

Denne lova saman med rammeplanen er dei retningslinjene arbeidet vårt blir styrt av.

Rammeplanen

1. august 2017 kom den nye rammeplanen som er ei forskrift til lova. Rammeplanen tek blant anna føre seg sju fagområde som barnehagen skal ta utgangspunkt i. De kan sjå korleis vi vil arbeida med dei ulike fagområda ved å klikke HER.

Fagområda arbeider me blant anna med i dei vaksenstyrte aktivitetane. Dei skal også trekkjast inn i kvardagen på ein naturleg måte.

Eigarforhold

Finnøy kommune eig og driv 5 barnehagar

I tillegg er der ein barnehage som vert eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband, Utsyn barnehage.