Kunst, kultur og kreativitet

I dette arbeidet skal personalet leggja til rette for nysgjerrigheit, undring, utvida forståing, eksperimentering, undersøkingar, og la borna få prøva ut.

Borna skal støttast i å vera aktive og skape eigne kunstnariske og kulturelle uttrykk.

(Rammeplanen s. 50)

Me vil setja rammeplanen ut i praksis gjennom å:

  • la borna få oppleva og skapa kulturelle og kunstnariske uttrykk, gjennom å leggje til rette for kreativitet.
  • fokusera på felles opplevingar og gleda av å skapa noko saman.
  • tilretteleggja det fysiske miljøet, ha tilgjengeleg materiell og utstyr slik at borna kan velje sjølv.

Klikk HER for å sjå kva Rammeplanen seier om dette fagområdet.