Styring og samarbeid

Samarbeid mellom heim og barnehage

Dei føresette er våre viktigaste samarbeidspartnarar.

Barnehagen skal ivareta foreldra sin rett til medverknad og samarbeide nært og i forståing med foreldra.

(Rammeplanen s.29)

Samarbeidet skjer på ulike måtar, men kanskje er den daglege kontakten i hente- og bringesituasjonen viktigast. Me vil arbeida for å skapa ein trygg atmosfære med respekt for foreldra. Samtidig ynskjer me at foreldra skal ha tru på personalet sin kompetanse, og at dei skal nytta seg av denne.

I tillegg til dette uformelle samarbeidet ynskjer me at foreldra skal koma på foreldresamtalar, foreldremøte og anna foreldrearrangement.

Foreldresamtalar:

På foreldresamtalen legg barnehagen til rette for at me kan utveksla observasjonar, trivsel, og vurderingar knytte til helsa, læring og utvikling til det enkelte barnet.

Foreldremøte:

Barnehageåret startar med eit foreldremøte. Her vil me at føresette skal vera med. På det første foreldremøtet om hausten vel ein foreldrerepresentantar til ulike verv. Me vil og nytta desse møta til å gi viktig informasjon om kva me driv med i barnehagen og kva planar me har.

Foreldrearrangement:

I løpet av året vil ein også arrangera andre samkomer der ein ynskjer at foreldre deltek.

Samarbeidsutvalet og foreldreråd

I følgje Lov om barnehage skal alle barnehagar ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval (SU). Foreldrerådet er sett saman av alle foreldra til barn i barnehagen. Samarbeidsutvalet er sett saman av føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. I tillegg skal det vera ein representant frå eigar. Representantane skal ha varamenn. Styrar i barnehagen er sekretær for SU. Styrar har møte-, tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett.

Oppgåvene til foreldrerådet er mellom anna å:

- fremja samarbeid mellom heim og barnehage.

- ha rett til å få framlagt alle saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen.

Oppgåvene for SU er mellom anna:

- å vera eit samarbeidsorgan for foreldre, eigar og personalet.

- å sjå til at barnehagen vert driven etter barnehagelova og vedtektene.

- å få framlagt saker som er særleg viktig for barnehagen si verksemd.

- å godkjenna årsplan og budsjett for barnehagen.

Finnøy kommune

Kommunen har ansvaret for utbygging og drifta av barnehagar. Kommunen er tilsynsmakt og skal sjå til at alle vilkår som er sette i medhald av barnehagelova er oppfylde. Kommunen godkjenner budsjett og rekneskap, og har ansvaret for foreldrebetalinga. Kommunen har ein folkevald representant i SU.

Tverrfagleg team

Tverrfagleg team består av kommunalt tilsette med ulik bakgrunn, m.a. frå barnevern, helsestasjon, skule og barnehage. Teamet kan vera med å diskutera vanskelege problemstillingar ein ynskjer å ta opp, enten konkrete eller på eit førebyggjande plan. Oppdraget for teamet er å jobba for at oppvekstmiljøet skal vera godt for born og unge i Finnøy kommune. Kvar november arrangerer teamet eit foreldremøte for skule og barnehage.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

PPT er eit rådgjevingskontor som har eit særleg ansvar for å sikra utvikling av eit funksjonelt støtteapparat rundt barn med særskilde behov. Barnehagen kan ta kontakt med tenesta for å drøfta generelle pedagogiske utfordringar, for å samarbeida om opplæringsverksemd i barnehagen, og for å få hjelp til observasjon, planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak som er retta mot bestemte barn. Når barnehagen ser eit barn som treng hjelp utover det barnehagen kan gje, må foreldra spørjast og samtykka i at PPT går inn i eit konkret samarbeid med barnehagen. Foreldra bør dragast aktivt med i dette samarbeidet. Frå PPT kan me få hjelp av blant anna logoped, spesialpedagog og psykolog

Overgang barnehage-skule

Sjå eigen plan for dei ulike barnehagane.

Andre barnehagar

Alle barnehagane i kommunen er samarbeidspartnarar som kan diskutera ulike problemstillingar og utveksle idear. I Pedagogisk forum deltek alle pedagogiske leiarar i kommunen. Her utvekslar ein idear, får fagleg påfyll og diskuterer problemstillingar.

Barnevern

Barnevernet si hovudoppgåve er å sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at barn og unge får trygge oppvekstkår.

Personalet i barnehagen ser borna store deler av dagen, og det er difor ein arena der ein kan oppdaga born som ikkje har det bra. Barnehagen kan søkja råd hjå barnevernet på anonymt grunnlag.

Ved mistanke om omsorgsvikt drøftar ein alltid bekymringa med foreldra på førehand. Unntak er der det er mistanke om vald og seksuelt misbruk. Då varslar ein barnevern/politi direkte.

"Vil vite" er eit opplegg utarbeidd av Stine Sophies Stiftelse som kan hjelpa born å seia ifrå om urett.