Innhald

Progresjon

Me vil arbeida for at borna alltid har noko å strekkja seg etter, og at dei får vidareutvikla evner og kunnskap som dei har. Oppdaga, erfara, oppleva, utvikla og undersøkja er stikkord her.

Barnehagedagen må vera lagt opp slik at han gir rom for progresjon.

Borna utviklar seg individuelt, difor kan ikkje progresjon styrast etter alder, men av modning og interesse.


Omsorg

Omsorg og tryggleik er ein føresetnad for at borna skal oppleva trivsel og utvikling i barnehagen. Dette krev at personalet har god relasjonskompetanse. Borna skal både vera mottakarar og utøvarar av omsorgshandlingar, og på denne måten utvikla evne til empati. Gjennom omsorg skal borna få oppleva å vera ein del av eit fellesskap.

Danning

Med danning meiner me det som skjer i barnet sitt samspel med omgjevnaden og den oppdraginga som skjer i heimen og barnehagen. Danning er ein kontinuerleg prosess som føreset refleksjon. Når barnet utviklar evne til kritisk tenking, etisk vurdering og tilstrekkeleg handlingskompetanse til å yta motstand på ein hensiktsmessig måte, kan det bidra til endring. Borna skal få erfaring med å vera deltakarar i eit demokratisk fellesskap med felles normer og reglar.

Leik

Barnehagedagen skal leggjast til rette slik at borna kan utfalda seg i leiken. Dei bør få lange leikeperiodar slik at dei har høve til å byggja opp ein god leik utan å bli forstyrra eller avbroten. Leiken skal ikkje brytas av meir enn naudsynt.

Å leika er eit mål i seg sjølve, og born leiker fordi det er morosamt. Leik er borna sin måte å arbeida med inntrykk, opplevingar og erfaringar på. Gjennom leik med andre barn vil barnet utvikle sin sosiale kompetanse. Leiken sin eigenverdi må anerkjennast.

Personalet skal leggja til rette for leik ved å variera mellom å vera deltakar i leiken og passiv observatør.

Læring

Barnehagen skal fremja læring. Alle situasjonar i barnehagen skal innehalda læring for borna. Dei sju fagområda må knytast opp til læringsomgrepet. Nå er det viktig å hugse på at barnehagen kan leggja til rette for læring, men det er barnet sjølv som tileignar seg læringa når det er klar for det. Personalet skal leggja vekt på ein anerkjennande veremåte i høve til borna si læring. Det vil styrkja barnet si sjølvkjensle.

Barnehagen skal leggja til rette for ulikt innhald og ulike opplevingar som inspirerer til læring. Det skal leggjast til rette for heilskapleg læring gjennom meistringsglede, livsmeistring, sosial og kognitiv meistring.

Mobbing

Ved at borna opplever tryggleik, deltaking i eit fellesskap, får leikekompetanse og utviklar danning, vil dette vera med å førebyggje utestenging og mobbing. Dersom det vert oppdaga mobbing eller krenkande åtferd har personalet i barnehagen ansvar for å stoppa dette.

Være sammen

Være sammen-programmet er utarbeida av mellom anna Pål Roland og Eivind Skeie. Barnehagen nyttar metodiske opplegg som høyrer til, med bøker og songar der fokuset er samspel og sosial kompetanse. Ein viktig faktor i Være Sammen er vaksenrolla: den AUTORITATIVE VAKSNE som møter borna med varme og tydelige grenser. Gjennom dette arbeidet tenkjer ein at ein førebyggjer mobbing.


Barns medverknad

Barns medverknad er eit sentralt tema i den reviderte rammeplanen.

Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet.

Barnehagelova §3 - FN barnekonvensjon

Barnet skal bli sett og møtt og oppleva at det vert tekne på alvor. Utfordringa ligg i det daglege samspelet. Borna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til å ta. Barnehagen skal vera bevisst på dei ulike uttrykka borna gir, og leggja til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alder, erfaringar, individuelle føresetnader og dei individuelle behov borna har.

Digital praksis

Personalet skal ha tilstrekkeleg med digital kompetanse for å kunna nytta slike verktøy i borna sine læreprosessar. Gjennom dette arbeidet er det viktig med digital dømmekraft.

Bærekraft

Borna er framtida. Ved å leggje til rette for kritisk tenking, etisk handling og solidariske haldningar kan barnehagen bidra til at borna får ei forståing av at handlingar i dag får konsekvensar i framtida.


Foreldre sin medverknad

Barnehagen skal sørgja for at der er god dialog med foreldra, gjennom dagleg kontakt ved henting og bringing og i formelle fora som samarbeidsutval, foreldresamtalar og foreldremøter. Foreldrene skal verta høyrt i saker som gjeld barnet deira og livet i barnehagen. Samtidig har barnehagen eit samfunnsmandat og eit verdigrunnlag som skal forvaltast.