Evaluering og kvalitetssikring

Brukarundersøking

Kvart år i november gjennomfører me blant foreldra ei digital brukarundersøking som er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet. På denne måten ynskjer me å måla kvaliteten på tenestene barnehagen gir. Gjennom ærlege svar frå foreldra kan me bruka resultata og bli betre. Det er frivillig å delta på denne undersøkinga, ho er anonym.

Observasjon og vurdering

Me brukar Alle Med-skjema på alle borna i barnehagen. Det er eit observasjonsskjema som omhandlar heile barnet. Er ein usikker på eit barn si språkutvikling, nyttar ein eit opplegg som konsentrerer seg spesielt om språk; TRAS, som står for Tidleg Registrering Av Språkutvikling.

Barnesamtalar

I løpet av våren har ein ”barnesamtalar” med borna. Målet med slike samtalar er å få høyra korleis barnet trivst i barnehagen og kven det leiker med. Er det noko dei likar særleg godt, eller er det noko dei er redd for, eller mislikar? På denne måten kan me høyra på dei, og hjelpa med å gjera barnehagedagen best for alle ut frå deira individuelle behov. Samtalane skal vera lystbetonte og ut frå modning vert ulike metodiske opplegg nytta.