Personalet

Den viktigaste ressursen barnehagen har, er menneska som arbeidar her. Personale med kompetanse, arbeidsglede og vilje til å utvikla arbeidet sitt i kvardagen, er ein viktig del av barnehagedrifta.

Barnehagane i Finnøy kommune arbeider med ”Være Sammen”. Målet er å kvar dag vera ein autoritativ vaksen, som vil seie å vera varm og tydeleg.

Tryggleik, tillit og trivsel er viktig i alle relasjonar, både vaksen-vaksen, vaksen-barn, og barn-barn. Det er alltid dei vaksne som har ansvar for relasjonen.

Dei vaksne er rollemodellar på korleis ein snakkar og ter seg mot kvarandre.