Sund

'

Folk i Sund:

Folk i Sund:

  • Anna "Tinkel" Utne Anna Utne er bydame. Men heilt frå ho var seks år gamal, har ho vore ein del av nærmiljøet på Glesvær. Derfor har ho både utanfråblikket og innafråkunnskapane om Glesvær ...
    Lagt inn 13. okt. 2019, 05:13 av Bjørn Enes
  • Anna Jorunn (Kleppe) Bjorøy Anna Jorunn Bjorøy vaks opp på Kleppe, i eit lite hus med to systre, foreldra, besteforeldra, onkel og tante. Jentene måtte bera klårvatn frå elva kvar dag, til folkje og ...
    Lagt inn 13. okt. 2019, 05:09 av Bjørn Enes
  • Johannes Høyland Meir av/om Johannes:På nettsida Klokkarvik.no har Jarle Sælensminde attfortald og illustrert ein samtale med Johannes Høyland om skulehistoria i Sund. Sjå Klokkarvik.no/Historie/Lokalhistorie om skulen ...
    Lagt inn 13. okt. 2019, 05:02 av Bjørn Enes
  • Nils Audun Mugaas Vassenden Nils Audun Mugaas Vassenden vaks opp i Klokkarvik i Sund på Sotra. Far hans var lensmann. Bygda låg strategisk til ved skipsleia inn til Bergen, og vart base for marinen ...
    Lagt inn 13. okt. 2019, 03:50 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 4 av 4. Vis mer »

Korleis foregår det?

Intervju for munnleg historie er enkelt, avslappa og hyggeleg.  Det er ein vanleg samtale mellom ein nysgjerrig intervjuar og ein (eller fleire) forteljarar med verdfulle kunnskapar og minnerike opplevingar å sjå tilbake på. 

Dei nyssgjerrige er - i dette prosjektet - enten ein frå Biblioteka i Vest , ein frå historielag i Sund, Fjell eller Øygarden, ein frå Memoar sitt arbeidslag - eller ein frilansar. 

Vil du ta del? 

Du kan ta del i dette på ein av fire måtar: 
  • Forteljar:  Du kan fortelja til ein intervjuar - gjerne til ein du sjølv foreslår, det treng ikkje vera ein profesjonell. 
  • Intervjuar: Du kan få kurs eller gode råd - eller du kan berre gå rett på. Kan du lytta, kan du gjera munnleg historie-intervju. Ta  kontakt med mha@memoar.no om du treng å låna utstyr
  • Dokumentasjonsarbeidar: Du kan sitja heime ved din eigen kjøkkenbenk med papir og blyant. Du må ha ein PC der du kan spela opptaket - og så skriva ned stikkord om innhaldet omlag minutt for minutt.
  • Nettarbeidar: Viss du er vand med data, trengs det folk som gjera enkelt redigerings- og avleveringsarbeid.  Det trengst også å produsera korte utdrag som kan brukast i formidling

Anna "Tinkel" Utne

lagt inn 13. okt. 2019, 05:12 av Bjørn Enes   [ oppdatert 13. okt. 2019, 05:13 ]

Anna Utne er bydame. Men heilt frå ho var seks år gamal, har ho vore ein del av nærmiljøet på Glesvær. Derfor har ho både utanfråblikket og innafråkunnskapane om Glesvær, Steinsland og Sund. Oldefar hennar, Hans Gulbrandsen Bakke frå Steinsland, kjøpte den då 250 år gamle handelstaden Glesnesholmen ("Hølmen") i 1890 (Kjøpesummen var 8.500 kroner), etter ein særs vellukka tur på Lofoten. 
I Anna si barndoms- og ungdomstid vart gardsbruk, fiskebruk, skips- og landhandel, postopneri, telefonsentral, bakeri og notaloft drive av besteforeldra hennar. Ho var der i alle sommar- og juleferiar og ofte elles og. I vaksen tid har ho helde kontakten. Etter at besteforeldra døydde i 1958, ferierte ho hos si tante Aadel, og frå 2000 til 2014 budde ho fast i eige hus på Glesvær. Sjølv om ho har flytta til byen, er ho framleis aktivt med i lokalmiljøet i Sund. 
I dette intervjuet fortel ho om daglegliv og kultur fra siste halvdel av 1940-talet fram til i dag: Jorbruket og dyra, strilamålet, Dampen (DS «Vatlestraumen»), telefonsentralen, notaloftet, skarlagensfeberen, tuberkulosen og polyomyelittepidemien som ho sjølv var ramma av, sildafisket, brislingfisket og størjefisket, amerikatanter og stoffmangel, «Utapådalen» og «Heimapådalen», ungdomshus og religiøsitet, teatertradisjonar og dans, folkeviser og ikkje minst: Glesvær og Sund i dag. «Folk held på målet, samhaldet og styrken. Dei er oppdaterte og fylgjer med i tida – dei tilpassar seg det nye og held på det gamle på ein vellukka måte».

Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 21. juni 2017. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har og gjort dokumentasjonsarbeidet.


Anna "Tinkel" Utne:



Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/227606253#t=132m29s ) 


00:00:00 Kallenamnet Tinkel
01:53:00 Glesvær – verdas flottaste stad
02:16:00 Jamnleg på Glesvær frå 6-års alder
02:27:00 Fyrste språk var nordlandsk
03:45:00 Til Bergen som 6-åring
04:15:00 Strilamål hos bestefar og bestemor
05:05:00 Barndomsminne om kyrne på Glesvær
05:40:00 Slaktedagen og hønsehuset
06:12:00 Dampen – Vatlestraumen – kolfyring
07:02:00 Ytstaskjeret
07:48:00 Når Dampen kom – om laurdagen
08:46:00 Posten – tante hadde poståpneri
09:25:00 Telefonboks – vanskeleg ikkje å høyra
10:45:00 Straum – eige aggregat på Holmen
11:28:00 Notaloftet – fekk bli med bestefar
12:30:00 Bestefar var fiskargut
13:16:00 Kjøpet av Glesvær – Hans Guldbrandsen Bakke
13:36:00 Selde sild i Lofoten – kjøpte torsk
13:58:00 Klippfisk på Tjønnaskaget
14:30:00 Glesvær kom på sal akkurat då olderfar hadde fått pengar
15:35:00 Ingen «nessekonge»
15:41:00 Begge likte Anna – bestefar vant
16:20:00 Steinsland og Golta
18:00:00 Øvre og nedre Golta
18:30:00 Skarlagensfeberen – tre barnekister på trappa
22:20:00 Mor sin eldste bror fekk ikkje lov å gifta seg
23:02:00 Kvifor skapte bestemor seg galen?
24:47:00 Mi forståing av tida før det eg kan hugsa
25:50:00 Onkel Hans var aktiv med teateret på ungdomshuset
26:38:00 Ungdomshuset
27:30:00 Teateret på Ungdomshuset held fram den dag i dag
29:01:00 Utapådalen, Heimapådalen, Midgarden og Garden
29:40:00 Ungdomslaget hadde nyleg 100årsjubileum
30:00:00 Bestefar likte å teikna hus
31:22:00 Steinsland var kommunesenter før Klokkarvik
32:20:00 Tantene var forretningsfolk med butikk og telefon
33:20:00 Fiskeribedrifter -damene styrte butikkane
34:01:00 Brislingfisket var det siste bestefar tok del i
34:39:00 "Vittra" – å vittra med messingstreng
36:03:00 Brislingen må gå av seg åten
38:40:00 Henting av stenget med hov
39:50:00 Meir om notaloftet
40:22:00 Islandsfiske med "Astraal"
41:02:00 Ein vakker sommardag -
42:15:00 Fiskelykke – eg måtte trakka i garn og nøter
44:50:00 Forlova – mannen vart godt mottatt på Glesvær
45:11:00 Godkjend, sjølv om han ikkje hadde målet
47:31:00 Poliosmitte – alvorleg sjuk på isolat i seks månader
49:19:00 Tida på sjukehuset
50:00:00 Ein stor butikk med Gladiolus
51:02:00 Bestefar vart endå snillare med meg ...
51:20:00 Fekk renna på ski – alpinsport – aktiv ennå
52:10:00 Meir om Poliomyelitten – mange vart ramma
53:30:00 Folk var livredde og ville ikkje ha noko med oss å gjera
54:50:00 Vaksinering er viktig
54:30:00 Epidemisalen på Haukeland – 20 senger med gamle og unge
56:14:00 Jernlunga
56:40:00 Fekk berre sjå mamma gjennom vindauget
58:30:00 Fellesmåltid på Glesvær
59:40:00 Hadde eigen båt – fiska – Real motor
61:20:00 Méd – hemmelege
63:27:00 Mor fekk tuberkulose på realskulen på Sand i Ryfylke
64:27:00 Sanatorium i Davos i halvtanna år – blei frisk
65:10:00 Både mor og eg arbeidde i helsevesenet
66:20:00 Strilamål og bymål – mor gjekk på Voss landsgymnas
66:40:00 «Glyvore emne»
67:50:00 Skulen på Glesvær hadde bokmål
69:20:00 Bestefar skreiv «De Mor» i brev til kona
69:48:00 Mor måtte ikkje snakka strilamål når ho studerte
70:40:00 «Å – høyr kor ho lyge, du!»
72:25:00 Huset på Glesvær
73:36:00 Oldefar kjøpte heile Glesvær
74:40:00 Wesselfamilien i byen eigde Gløesvær på 1600-talet
75:30:00 Oldefar fiska – oldemnor rodde frå Lerøy til byen med fisken
76:16:00 Mange byfolk hadde vore eigarar til Glesvær
77:14:00 Oldefar ville bli herre i eige hus – og fekk råd til det
78:25:00 Likskapstradisjonane i strilekulturen
79:24:00 Å vera stril i byen
79:59:00 Likar strilamålet
82:40:00 Meir om brilingfisket og hermetikkfabrikkane
83:34:00 Fisk til middag kvar dag
85:00:00 Melkesuppe
85:40:00 Tante Klara reiste til Amerika
86:45:00 Fekk raudt silkestoff til bryllupp på Steinsland
88:35:00 Dei fyrste støvlettane etter krigen
88:47:00 Sjokolade var rasjonert
89:23:00 Bestemor si godteskuff
90:18:00 Eigen butikk i butikken med egg og «eggepenger»
91:08:00 Ektepar kalla  kvarande «mor» og «far»
92:00:00 Tante Klara og onkel Georg - Amerikadama og uteseglaren
95:10:00 Mamma si yngste syster reiste og til Amerika
95:37:00 Mamma teikna tusser og troll som ho hadde sett i gamlenaustet
96:16:00 I Porketøkjet var der små underjordiske menn
96:39:00 Dei gamle konene var små og gjekk med  "botlehuver" (svarthuver)
97:10:00 Kipe
98:35:00 To butikkar – Nausthaugen og Holmen, og holtreet imellom
100:20:00 Sildafisket – det var dans heile veka
102:45:00 Størjefisket
103:07:00 Eg begynte på dans før eg var komfirmert
104:00:00 Meir om størjefisket
104:57:00 Telavågarane var ikkje til å stola på
107:34:00 Naboane viste lite forståing for kva telavågingane hadde vore gjennom
108:35:00 Fiskarar er tøffe. Dei ventar at andre skal vera det same.
110:04:00 Litt misunning på grunn av at dei fekk nye hus i Telavåg
110:40:00 Oldermor drukna på veg til Telavåg
112:23:00 Juletrefestane – dei frå Tofta var flinkast til å syngja
114:20:00 Julekveldane på Glesvær. Alltid hummar frå Golta
115:54:00 Bestemor på Glesvær var haugianer – me fekk ikkje lov å spela kort
117:19:00 Haugianareane hadde skule på Steinsland
117:44:00 Strikking på sundagen var tabu
119:20:00 Bestefar var ikkje haugianar
119:30:00 Næraste bedehus var på Steinsland
120:00:00 Plystring og bading var ukvinneleg
124:03:00 Alkohol: Veldig lite, men ikkje avholdsfolk. Nokre få skilte seg ut. Tragiske historier
128:48:00 Glesvær i dag – har budd på Glesvær i 10 år
130:00:00 Martha på muren – fri leik i barneåra
132:29:00 Rømte til Glesvær – sju år gamal
136:00:00 Glesvær i dag – held på dialekta, klart seg godt, stolte, sunne i kropp og sjel.

Johannes Kleppevik skildrar strilalandet
140:21:00 Striden om bygdeboka og Arvid Skogseth
144:50:00 Femte bind i arbeid nå – generell historie
146:00:00 Arne Bjørndal-samlingane  og stevet om Tingel Tingelsen
147:20:00 Tingel Tingelsen og Tingel Tang – ein av songane etter Kirsti Skoge (barnepassar)
147:37:00 Samla songar etter Kirsti Skoge, tante Konstanse, mamma, Kari Golten o.a.
150:08:00 Nokre viser handla om moral – som den om brura som alt hadde skauta seg:
150:03:00 «Liten Ole mann» - om brura som alt hadde skauta seg
152:30:00 «Lambet går i linden skog»
153:19:00 «Den gamle manen sete og grine»
153:45:00 «Dei grøne liane»
154:30:00 «Siralandet»
155:34:00 «Kråkevisa»
157:00:00 «Tippe tippe tue»
157:55:00 Butikken på Glesvær
159:00:00 Om sundagen sto karane på Nausthaugen og sputta snus og snakka
160:00:00 Skeiselaup på radioen – Reidar Liakleiv
160:28:00 Fiskeribølgen - 
163:50:00 Fiskeribølgen

Slutt.

Anna Jorunn (Kleppe) Bjorøy

lagt inn 13. okt. 2019, 05:05 av Bjørn Enes   [ oppdatert 13. okt. 2019, 05:09 ]

Anna Jorunn Bjorøy vaks opp på Kleppe, i eit lite hus med to systre, foreldra, besteforeldra, onkel og tante. Jentene måtte bera klårvatn frå elva kvar dag, til folkje og til dyra. Dei haddee kyr, sauer, høns og ein hest. Hesten var rett nok mest på stas - han åt mykje og gjorde lite. Far var fiskar, som bestefar. Dei åt fisk til middag kvar einaste kvardag. Dei dei ikkje åt sjølve, leverte far eller bestefar på mottaket i Håkonsundet.  Mor stelte garden. Om vinteren var far vekke på fiskje mange månader. Det var koseleg å vera aleine med mo, men Annao var redd når det var mørkt. Ikkje for vanlege tussar og troll, men for Bakketenten. 
Det har vore ei kollosal utvikling i Anna Jorunn si tid: Dei fekk straum og elektrisk komfyr i 1951 eller 52, hennar fyrste symaskin fekk ho i 1964, vaskemaskin i 1967, kjøleskap og vassklosett like etterpå, sertifikat i 1972, oppvaskmaskin i 1978 og i 1982 gjekk ho på sitt fyrste datakurs.  I 1992 fekk ho modem. Ho gifta seg tidleg - då ho var 25 år hadde ho fem born. Saman med Odden flytta ho inn i nytt, stort, moderne hus med innlagt vatn og straum og heile 85 kvadratmeter buareal.  Det seier sitt om utviklinga at ho i dag lever aleine - i eit lite, koseleg hus på seg sjølv på 129 kvadrat... 

Intervjuopptaket vart gjort i Sund Folkeboksamling 24. mai 2017. Intervjuarar var Bjørn Enes og Bente Fosse. Dokumentasjonen er gjort av Bjørn Enes.

Diirekte adresse til denne sida er Anna.Jorunn.Bjoroey.Memoar.no


Anna Jorunn Bjorøy


Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/221239155#t=0h37m54s ) 
 
00:00:00 Presentasjon
00:29:00 Eit firkanta bord i stovo er det fyrste eg kan hugsa. Me var åtte i huset
01:23:00 Om bestemor: Ho sat i sengja og lærte meg å spøta
02:35:00 Om bestefar: Han var fiskar Me fekk brus når han leverte i Håkonsundet
04:14:00 Bestefar song – og lærte oss gamle songar
05:45:00 Det var vanleg å bu saman med besteforeldra
06:30:00 Skrå – det var ikkje greit med dei som sputta i omnen
07:18:00 Dei vaksne hadde det ikkje så travelt. Pappa fiska – mor stelte garden.
08:58:00 Far dreiv aleine. Me åt fisk kvar dag.
10:20:00 Me jentene måtte hjelpa i floren. Me vart sterke.

Hesten var mest til staa - åt mykje og gjorde lite
12:45:00 Meir om fiskjet . Turka longa på berget . Lyr vart vanka og malt til fiskakaka
13:25:00 Arbeidsfordelinga heime
14:25:00 Variasjonar av fiskemiddagane - me hadde alltid løk og timian til, men elles lite grønnsaker
16:00:00 Sundagsmiddagane - då var det kjøtkaker eller anna kjøt.
17:39:00 Slaktedagen - blodet måtte rørast. Innmat. Henging . Turking og salting.
19:19:00 Kjøtet vart lagra i tunner i kjedlaren . Der hadde me brunn og.
19:30:00 Klåravatnet mẗte me henta i elva. Me måtte bera vatn kvar dag.
21:12:00 Då bestefar døydde. Open kista , heime i stovo.Presten kom og hadde andakt
23:00:00 Gravferdsdagen . Det var leigd ein buss for å koma til kyrkjes
25:30:00 Det var veldig kjekt i gravferd.
26:30:00 Livets gang vart naturleg. Seksualundervising var å leia kyrne til okse.
27:37:00 Om vinteren drog pappa  på fiskje i mange månader
28:40:00 Det vr triveleg å vera med mor, og der var ikkje utearbeid om vinteren.
29:45:00 Me måtte læra oss å arbeida tidleg. Eg trur det vr sunt.
31:10:00 Det var nok ikkje lett å koma som ny, ung kona i slike trongbudde hus
31:46:00 Eg ordna meg på ein annan måte då eg vart gift. Me budde hos onkelen hans.
32:19:00 Odden vart sint og flytta då ordføraren ville gi Bjorøy til Laksevåg
33:40:00 Småskuletida
35:30:00 Me hadde noke bøker heima - mest med gotisk skrift.
36:20:00 Om kveldane: Me hadde ikkje straum. Det var mørkt og eg var livande redd
37:50:00 Om Bakketenten - hjelparen til Julereia.
38:17:00 Songen om Monsmålsnotta 13. Desember (den som no heiter Lucianatta)
40:30:00 Vanlege tussar og troll - og julanissen som budde i Høylandsfjellet.
41:30:00 Jolaftan: Det var kvardag fram til mammo hadde vore i floren.
42:50:00 Me var aldri i kyrkjo - men me høyrde på klokkene frå Klokkarvik
43:50:00 Det hende at det kom emmisærar med lysbilete frå Afrika
44:58:00 I Klokkarvik var der bedehus - dei var komne litt lenger der
45:30:00 Meir om jula - eg hugsar berre ein julepresang, ein raud lakkportemoné
46:50:00 Juladagen var alt forbudt
48:30:00 Folk fortalde historier
49:05:00 Eg hugsar dei snakka om Einar Gerhardsen
49:47:00 Læraren min var nok meir interessert i politikk enn i skule
51:13:00 Stortrivdes i huspost i Åsane etter skulen
54:53:00 Lærarane mine: Dei var litt finare folk enn andre, saman med presten, doktoren og lensmannen
56:38:00 Alle måtte stå opp ved pulten og lesa utanatleksene- Katekisma var vanskeleg.
59:50:00 Framhaldskulen. Læraren var berre 19 år. Han hadde oss i alle fag.
1:00:48:00 Dei som var betre stilte gjekk på relskule i bydn.
1:01:32:00 Meir om husposten: Fri annakvar helg og annankvar onsdag - Duesleppet
1:03:25:00 Tente akkurat nok til å reisa heim når det var dans på ungdomshuset.
1:03:55:00 Tannlegen - heile framhaldsskulen reiste til bydn for å gå til tannlegen.
1:04:45:00 Om å treffa andre ungdomar
1:05:59:00 Eg gifta meg då eg var 18. Eg kunne både vaska og koka.
1:07:10:00 Romantikken - syster mi hdde truffe mannen sin. Han hdde ein bror
1:08:32:00 "Du treng ikkje seia nokonting - dei snakkar sjølve heile tida"
1:09:39:00 Dobbeltbrudlaup i juni 1963. Eg var gravid heile tida.
1:11:39:00 Me bygde hus på Kleppe. Me gjorde det mesta sjølve.
1:12:08:00 Eg var gravid heile tid – fekk ungar frå eg var 18 til eg var 25
1:13:19:00 Huset var ferdig - stort hus på 80kvm for for 24:000 kroner
 1:14:06:00  Bestemor si brudlaupstale
1:15:50:00 Dei som ikkje måtte gifta seg, fekk ikkje ungar.
1:16:29:00 Odden - mannen - kjøpte traktor. Etter kvart vart han maskinentreprenør.
1:17:24:00 Eg tok handelskulen - og i 1972 tok eg sertifikat. 
 1:18:05:00  Om å byggja i Sund 
1:19:27:00 Vskemaskin fekk me i 1967,
1:21:24:00 Før kjøleskapet lagde eg mykje pannekaker, for me kunne ikkje kasta mølka når ho vart sur
1:22:54:00 Eg hugsar då me fekk komfyr i 1951 eller 52. Før det brukte me primus
1:23:50:00 Oppvaskmaskin i 1978
1:24:38:00 Symaskinen ca 1964
1:26:02:00 Mammo var ein gong ute av landet - det var i 1986, i Danmrk.Men husmorferie to gonger.
1:27:01:00 Ferie var for byfolk.
1:28:00:00 Eg slutta å sy på 1980-talet. Då vart klede så billege.
1:30:10:00 Mammo hadde symaskin - trømaskin - og vev.
1:31:27:00 Lefsebaking
1:33:32:00 Blåmjølk
1:34:38:00 Oppskrift på lefse
1:37:05:00 Kvnner skal ha rettar, men må ikkje vera fanatiske.
1:41:58:00 Innlandskultur og kystkulur

Eg ville ha sertifikat – bilen sto jo berre på stas, nett som hesten!
1:46:00:00 Eg gjkk datakus 1982
1:48:20:00 Me kjøpte modem i 1992
1:50:57:00 Ei kolloal uvikling – frå eit stort familiehus på 80 kvadrat, til eit lite koseleg hus for meg sjølv på 129...
1:53:20:00 Pensjonistlivet er sterkt undervurdert!
 1:56:00:00  Slutt

Johannes Høyland

lagt inn 13. okt. 2019, 03:52 av Bjørn Enes   [ oppdatert 13. okt. 2019, 05:02 ]

Meir av/om Johannes:

På nettsida Klokkarvik.no har Jarle Sælensminde attfortald og illustrert ein samtale med Johannes Høyland om skulehistoria i Sund.
Johannes Høyland vaks opp som sonen til jordmora, Ho arbeidde fyrst på Fjell, så Klokkarvik, Koparvik og Austevoll før dei flytta til Kalvaneset i Klokkarvik. Det var den 24. mai 2017 sat dette opptaket vart gjort med Johannes - i godstolen på Folkeboksamlinga i Kommunehuset i Sund. Planen var at han skulle fortelja om skulen. Men han var no innom ganske mykje anna og, både sosialhistorie og språkhistorie og kulturhistorie ikkje minst. Utanom alt det han sjølv har opplevd, sit dei godt i minnet, alle dei sogene som bestefar hans fortalde.  "Det var ei kjerne av sanning i det meste som bestefar fortalde", seier han. Det er ikkje umogleg at det kan seiast det same om han sjølv. Heldigvis let han seg ikkje bremsa unødig av dette spørsmålet. Hadde han det gjort, hadde ettertida gått glipp av forteljinga om korleis Tinen flaug på kavaien då veren som hadd gått i skårafeste stanga han utfor ein regnversdag, medan bestefaren til Johannes låg og balte med eit makrellsteng på den andre sio tå vågen. Du kan gå rett til den forteljinga her). Heile forteljinga til Johannes er over to timar lang. Du kan gå rett til delforteljingane frå lista under - eller du kan sjå heile flaumen av levd liv. Me tilrår det siste! 

Intervjuarar var Bjørn Enes, Helge Bjorøy og Bente Fosse.


Johannes Høyland


Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/221232344#t=1h22m57s ) 

00:00:00 Presentasjon – Johannes Høyland - Mor var jordmor i Fjell, Sund, Kopervik, Austevoll 
01:15:00 Me budde hos Jette på Austevoll 
01:50:00 Mor brukte å plystra – mange rekna det som synd 
02:10:00 Uraslåtten 
02:40:00 Kalvaneset – der hadde me innlagt vatn – men utedo. 
04:00:00 Osvald var sterk. Ein gong hadde han med snus på skulen
04:40:00 Meir om jordmorjobben - kvinner som skulle føda kom og budde hos oss.
07:40:00 Mor og doktoren reiste rundt og tok pirquéprøvar
08:17:00 Småskulen – oppstilling på geledd 
09:37:00 Femtoms spiker - «Austevoldarar» 
10:06:00 Me var åtte i klassen og gjekk annankvar dag 
11:25:00 Berre ein lærar – dette var før psykologane kom 
12:25:00 Storskulen – Ingebrigt Skoge. Den fyrste som dreiv friluftsliv 

Skautakleivo – Longavatnet 
13:00:00 Polyemielittutbrot i 1956 
13:30:00 Storskulen – oppstilling. 
14:00:00 Storefri – når læraren slutta å eta, slo me ballen til havs 
14:30:00 Ingebrigt Skoge var god å fortelja – me opna ikkje boka i soga og biblehistoria 
15:30:00 Sløyd dei siste to vekene før ferien. Det var høgdepunktet 
16:30:00 Jentene hadde handarbeid. Dei fekk ei sy-lærarinne frå byen. Me testa ho med å slå klubba i veggen... 
17:00:00 Bading før ferien. Symjeopplæring – Ingebrigten hadde investert i livbelte 
18:20:00 Ein gong kom grisane til Ingebrigten og la på sym 
18:40:00 Pellefino, Sofus og Larris heitte sauene til Ingebrikten 
19:20:00 Arnfinn i posten fortalde om hauggubben og gamlaløo som måtte flyttast.
21:05:00 På Huldrahaugen sette dei ut ungar og spedalske 
21:58:00 Meir om grisane til Brigten – kappriding
22:30:00 Når det lei mot jul kom besto frå Liafjellet . Då hadde ikkje grisane lenge att
25:35:00 Det var flotte jenter på Liafjell.
26:00:00 Dampen – Båtane – Karmsund, Bremneset
27:39:00 Gamlekarane var på kaien – Arnfinn i posten, Absalon 
28:30:00 Karmsund gjekk Stolmenruto, Bremnesen gjekk 
29:20:00 Heile bygdafolkjet møtte på kaien når båten kom. 
29:40:00 Særleg var deet spanande nå\r det kom damer frå byen 
31:29:00 Det var tre butikkar i Klokkarvik: Barakken, Opsethen og i Neset. 
33:25:00 Ei Lerøydama kom med kaninskinsbikini 
34:40:00 Ingebrigten sa litt som var sant, men laug for det meste
35:10:00 Handelsmannen fortalde om den store hummaren 
36:49:00 Presten, doktoren og lensmannen skulle det helsast på. Og trygdesjefen
38:08:00 Hjemmet på Nordstrand og alkisane frå bydn – Greven, uteseglar Odin og Arne, kongen på Nordstrand
40:38:00 «Me var så heldige at me ikkje hadde SFO»
41:48:00 Tene pengar - Skraphandlaren – og juleheftesal – og sal av fisk. Seinare vart det jobb på kaien. 
43:40:00 Danielsen privatgymnas – me hadde gamle Danielsen i soge og geografi 
46:40:00 «Hva badet Kleopatra i?»
47:10:00 Ikkje vanleg å gå på skule. Berre dei som budde på Klokkarvik gjorde det..
49:00:00 Eg gjekk på skule saman med folk frå Kalfaret 
51:17:00 Eg gjekk der for eg ikkje hadde nok poeng til å koma inn på offentleg skule 
52:54:00 Det var forlskjell på folk frå Klokkarvik og andre 
55:30:00 Om språk og dialektutviklinga, R'ane og ulike dialektar i grendene i Sund.
57:25:00 På Steinsland seier dei ARR 
58:00:00 Det kan variera frå¨den eine familien til den andre 
59:00:00 Sjølv snakkar eg bymål med røyrleggjaren 
1 time 
00:00:00 Utdanningt – lærarskulen i Tromsø og jobb i Verdal – attende til Sund i 1972
00:50:00 Jobba som fiskar – lærte meir om skulen på fiskje enn på lærarskulen
02:15:00 Kulturkollisjon å koma attende til skulen – det skulle vera møte om alt mogleg 
04:00:00 Me slo saman kroppsøving og naturfag på 1990-talet
06:10:00 Laksetrapp
06:50:00 OstraMonsen og ToftaMonsen
08:00:00 Då Toftamonsen skulle slakta 
09:14:00 Då veren til Toftamonsen daua 
10:00:00 OstraMonsen mista det eine auga 
11:20:00 Folk ville ha OstraMonsen til å skyta kval nett då han skulle berga turrhøyet 
12:20:00 OstraMonsen såg ut som Robinson Crusoe 
13:40:00 Bada og skifta klede to gfonger i året 
15:32:00 SmåLarsen og bokken som hadde gått i skårafeste
16:55:00 SmåLarsen hadde taus – bygdefolkjet sende bod på presten 
17:38:00 SmåLarsen handla årsforbruket i butikken på Sundsjødn på vetlajulafto kvart år. 
18:28:00 Ei dama oppe ved Noresjødn hadde dreng – bygdefolket kravde at dei måtte gifta seg 
19:52:00 Eg hugsa då betefar fortalde slike soger 
20:54:00 Tinen – var ein røynd kvalskyttar, han skaut 68 kvalar. 
22:05:00 Tinen hadde nett som ei skei inni skallen 
22:57:00 Då Tinen vart stanga ut frå fjellet av ver som hadde gått i skårafeste
25:30:00 Ein slu bergensar fekk høyre denne forteljinga 
26:10:00 Jensen var frå Klepparviko. 
26:57:00 Då Jensen skulle sko hesten 
27:30:00 Johannessen hadde brekt rompetongen 
28:46:00 Ein kval hadde kome seg or noto.
30:15:00 Grisakassen var for liten 
31:50:00 Med landnota til Bestefar - Ei påske kasta me 100 hl sild, og fkk større løt enn dei som var 
35:30:00 Symjeopplæringf 
36:22:00 Når det var nisa i vågen, skaut dei den og 
38:15:00 Me budde 15 – 18 menneskje i myra – bestefar kokte krabbar 
39:22:00 Han var den siste som malte i kvedna på Lonehaugen – havramjøl i sinkstampar på loftet 
40:12:00 Tyskarane oppdaga aldri at han var største kornbonden i kommunen 
40:50:00 Fiskaturen – han sat i bakrongji og song 
42:34:00 På saueleiting 
44:05:00 Slåttekarane – tigersprang over hesjenbe – kappspringing
45:12:00 Snu hjøyet 
45:33:00 Vêrteikn: Når Folgefonna vert svart, kjem det regn
47:20:00 Orrfugljakt 
48:02:00 Alfred var sjølvlært dyrlækjar 
48:40:00 Ein måtte alltid ha sprit når kua var dårleg 
50:17:00 Bikini på avbetaling 
51:01:00 Tronge kår – kamp om graset – å «gå i båt som ei Goltakui» 
52:15:00 Lyse på maten 
52:50:00 Storabåten og Lessemento – skatevengjer fulle av makk 
54:40:00 Dei hadde landnotlag, men ungane fekk ikkje oppgjer Onkel Karsten braut ut. 
56:00:00 Nygårdsvolden og Splinten 
56:55:00 Stønot 
57:20:00 Bestefar sette fiskjen  ut i mer og selde heile sommaren 
58:18:00 Størja – "la meg få ein ti tolv stykkje" 
58:45:00 Bestefar fekk så mykje fisk at han heldt på å forlisa 
59:40:00 Mykje politisk diskusjon når båtane skulle stoffast 
2 timar 
00:15:00 Etter middag gjaldt det om å koma seg på dass før gamlekarane kom for å diskutera politikk 
01:30:00 Klede – amerikanske marineuniformar frå Trysklandsbrigadane – den fyrste olabuka – lappane 
02:00:00 Slutt for denne gongen.

Nils Audun Mugaas Vassenden

lagt inn 13. okt. 2019, 03:43 av Bjørn Enes   [ oppdatert 13. okt. 2019, 03:50 ]

Nils Audun Mugaas Vassenden vaks opp i Klokkarvik i Sund på Sotra. Far hans var lensmann. Bygda låg strategisk til ved skipsleia inn til Bergen, og vart base for marinen si nøytralitetsvakt frå 1939. Mellom anna var den kjende mineleggjaren KNM "Tyr" stasjonert der. Åtte år gamle Nils Audun og kameratane hadde moro av å tjuvlytte utanfor telefonkiosken når kaptein Ulstrup på "Tyr" krangla med Marineholmen våren 1940. Kapteinen var sikker på at det gjekk mot krig, og kravde skikkelege miner. Frå han var åtte til han var tretten år var Vassenden augevitne til invasjon, sjøkrig, mineeksplosjonar, commandoraids, Nordsjøfart, motstandsarbeid, Gestapo-arrestasjonar, tyskarane sin hemnaksjon mot Telavåg - krigskvardagen og freden, med heimvendte fangar, britiske krigsbruder og og rollebytet der tyske ubåtsjefar vart truga med skarpe skot for å gjere ryddejobb i Telavåg. Intervjuopptaket vart gjort 17. februar 2016 i Studio 1, Bergen Bibliotek. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar.

Biletet: (Klikk på biletet for stor versjon): Kokkarvik, 1940. KNM "Tyr" i forgrunnen. Admiral Tank-Nielsen sitt fly ligg ved "Tyr". Den nyssgjerrige åtteåringen Nils Audun er guten i robåten. 



Nils Audun Mugaas Vassenden - Krigsminne


 



Innhald i intervjuet:


Nils Audun Mugaas Vassenden i samtale med Bjørn Enes

Oppvekst - Førkrigstid

            Klokkarvik 1932

            Ein bror til England

            Fiska med GLIP

            Møhlenpris

Nøytralitetsvekta i Klokkarvik fra 1939 

            "Kyrabåtane"

            Akkumulator

            Kaptein, seinare Admiral J Frtiz A. Ulstrup

            Telefonkiosken

            Kravde ekte miner

            7. april

            8. april

9 april 1940

            "Det kjem båtar. Dei er ikkje norske"

            Minesikringane

            "Tyr" i kamp

            Tysk schnellboot søkte naudhamn

Så tok minene til å virke

(Transportskipet Sao Paolo, 5300 t)

Transportskipet "Liege", 8500 t

Dunnage

Mange forlis ved Svenestangen

Vrakgods

9. april 1940

            Tyr heldt fram i kamp til 20. april

Vande med å sjå sjømilitær aktivitet

9. april 1940:

            Torpedo traff Svenestangen 

Augevitne

            Slagskip i Grimstadfjorden

            12. og 13 april: Engelske flyangrep

            Såg flyangrep også i 1942

Jøssinglensmannen 

            Aleine med mor i 1942

            Måtte rapportere sakna båtar

            ("slunkabol"- flatseng)

            Gestapobåten 

            Arrestasjonen

            Fekk varsla fullmektigen

            1000 skot under altaret i Sund kyrkje

            Fangenskapet 

Mange sakna frå Sund

            11/11 1941: MK "Blia" gjekk ned - Ingvald Lerøy, Arne Lerøy og 40 andre omkom.

            Oktober 1941: Karsten Sangolt, ulukke på MK "Arthur"

Augevitne

            Festningsbygging på Lerøy, Buarøy og Korsneset

            Tyske torpedotestar med lytteapparat

            Nye teknikkar i torpedoar og miner

            (Olav H. Drønen - Kjend motstandsmann på Vestlandet)

 



           (Her meiner han marinekaptein Sjur N. Østervold )

            "Operasjon Barefoot" - norsk MTB i Krossfjorden

            Officer in command Sjur N. Østervold

            Skipssjef Per E. Danielsen

            3/10 1941: MT "Borgny" senka

            (- kan enno høyre skrika...)

            13 berga - 14 omkom. Alle norske

            Ubåtjakt på Bliaskjeret

            8/1-45: Flyangrep mot "Fusa" - rutebåten mellom Os og Bergen


Jøssinglensmannen - Radioforbodet

            August 1941: Alle radioar måtte leverast inn

            Lensmannen måtte lagre radioane

            Ekstra nøkkelsett

            Fiskarane fekk ha radio under sildafisket

            Mor "lånte" radioar

            Norske sendingar frå BBC

            Russarane

Telavåg

            Forsmak på represaliar - Tyskarane brende ned Sjur Østervold si hytte

            Livsfarleg slarv

            "Så skjedde det"

            26. april 1942

            "Kom til Telavåg!"

            Redda av gamal tysk mineryddar

            Syster Ingeborg

Kristian Stein-organisasjonen

            Gestapobåten

            Syster Ingeborg (Ingeborg Hamre, seinare Østervold)

            Gestapobåten

Telavåg

            Far møtte dei på Grini

            Laurits Telle, Åge Telle

            2. mai 1942

            "Om kvelden såg me røyk vest for Veten"

            "Me høyrde dyra på veg til byen..."

            Alle menn over 18 vart sende til Tyskland

            Kvinner og born kom ut i 1944

            Kari Midttveit kom aleine heim...

Så kom freden

            Min bror var i Hæren i Skottland

            I Liverpool traff dei norske sjøfolk

            Slik høyrde me om krigsseglarane...

            Liverpool 1949

Dei britiske kvinnene

            Våga ikkje å ta jenta med heim

            Noreg låg langt etter

            Mange hadde gifta seg

            Ei jente og eit barn med merkelapp

            Toalettforhold

            Vedkomfyr

            Navy Cut

            Mai 1945: England sende ut alle kvinner som hadde gifta seg med utlendingar

            Mange rømde heim att

Gjenreisinga

Telavåg - alt var øydelagt

Tyske fangar rydda i Telavåg

Ubåtsjefane nekta å jobbe

Ruinane i Telavåg

Far arbeidde med nemnda for gjenreising av Telavåg

Fangenskap

Far på Grini

Pakke frå far

Løyndomane på Grini

Klokkarvik 1940

Far og kaptein Fritz Ulstrup

Hemmeleghald

Husundersøkingar

Fangenskap

Norman Hummelsund og Leif Sandtorv

Torpederte av japanarane

("Hjelpekryssarar")

Fanga i Japan

- overførte til Tyskland

- og vidare til internering i Noreg

Heim i 1944 - mot å ta hyre i Tysklandsfart

MS "Troma" 9170 t

(MS "Troma" vart senka av "Pellegruppa" 24. nov. 1944)

Hirse til Sund

Nordsjøfarten

To karar kom på besøk ein kveld

Brynjulf Liland og Frank Mohn

"Karomakaffi"

Far kontrollerte historia til dei to

Skaffa kontaktar i Austevoll

(Mor var streng på vaskinga) (Raudsprit til alt)

Måtte vente til vaktbåten var vekke

Frank Mohn slo seg opp i Nortraship

Liland omkom under trening 2/9 1943

Hemmeleghald

Milorg på Austlandet

Kristian Stein-organisasjonen

(Hausten 1941: 204 til Tyskland, 9 henretta, 46 omkom)

Flygarane helste

Gestapobåten

Radioforbodet

Husundersøkingar

Våpen måtte og leverast inn

1000 skot under altaret i Sund kyrkje

Syster Ingeborg


Sjå meir av Vassenden:

Nils Audun Mugaas Vassenden har og fortald om sitt sjømannsliv i et opptak på Bergens Sjøfartsmuseum 13/12-2015. 

Direkte adresse til intervju og dokumentasjon er www.memoar.no/sjoefart/2017/vassenden



1-4 of 4