industri

lagt inn 20. sep. 2015, 00:05 av Bjørn Enes   [ oppdatert 29. okt. 2019, 00:08 ]




"Vendepunkt 1975":


Frå ca 1850 til sommaren 1975 auka industrisysselsetjinga i Noreg.   Sommaren 1975 snudde utviklinga brått. 

Kva var det som hende? 
Korleis opplevde dei det, dei som sto midt oppi det? 
Og korleis hugsar dei det, når dei ser tilbake på det? 

Det er vanleg å sjå på det som hende som ei avindustrialisering.  Men det samsvarar dårleg med den store vekta som  industrien framleis har i norsk økonomi. 
Ein alternativ teori er at det var ein tredje industriell revolusjon  som fann stad: Ny teknologi, nye organisasjonsformer, ny kultur. 

Memoar arbeider for å få til ei landsomfattande innsamling av munnleg kjeldemateriale om dei store endringane i åra mellom ca 1960  og 1995.  Uansett kva for ein teori som blir ståande, så vil eit breitt, munnleg kjeldemateriale ha stor verdi.

Dei industrielle revolusjonane:
  • Den fyrste industrielle revolusjonen handla om mekanikk. Den var resultatet av dei store oppdagingane i opplysningstida og oppfinningar som spinnemaskinen, dampmaskinen og maskinveven. For Noreg var denne perioden prega av rask vekst i tekstilindustri og skipsbygging, med stålbåtar og propelldrift som mest typiske framsteg. 
  • Den andre handla om elektrisitet, metallurgi og olje. Den slo til for fullt rundt førre prhundreskifte, med vasskraftutbygging og elektrokjemisk industri som det mest iaugefallande. Det var i denne perioden at Noreg vart industrialisert for alvor. Frå dei fyrste kraftstasjonane vart bygde og fram til 1975 vart heile det norske samfunnet omdanna. Industrien kom til å dominera alt. 
  • Den tredje vart utløyst av framskritta innban elektronikken.  I løpet av svært kort tid, vart dei tradisjon

    Nov. 2018:

    Viktig historisk artikkel om den 3. industrielle revolusjonen: 
    Historikaren Pål Nygård publiserte i november 2018 artikkelen   "Institutt for atomenergi og digitaliseringen av norsk aluminiumsindustri" i Historisk Tidsskrift 4/2018 . Artikkelen er ein innsiktsfull og velskriven analyse med ei rekke spennande påstandar. Mellom anna at digitaliseringa av norsk industri ikkje var resultat av nokon plan eller strategi - snarare  "ein serie tilfeldigheter og uintenderte konsekvensar" av planar og strategiar som blei forsøkte.
    elle industriarbeidsplassane reduserte dramatisk. Noko industri flytta til lågkostland -  og sette veldig fart i utviklinga der.  I den industrien som ble verande vart sysselsettinga redusert til omlag ein tredel. Elektronikken gjorde det mogleg å fjerna meir og meir både av uproduktive mellomlag i arbeidsorganisasjonane, og av rutinemessig, manuelt arbeid- Arbeidaren sin kvardag endra seg frå fysisk arbeid på kommando, til ettersyn. kontroll, vedlikehald og krisehandtering etter prosedyrar han sjølv var med på å skapa.  Og sysselsettinga gjekk ikkje ned - tvert om. Aldri nokon gong i historia har så stor del av innbyggarane vore lønsmottakarar som etter den elektroniske revolusjonen.
  • Mange meiner at me alt no opplever ein fjerde industriell revolusjon, driven av "big data" og "!kunstig intelligens". Er det slik? Eller er det berre den tredje revolusjonen som når fram til  overbygnaden i samfunnsmaskineriet? 
Når historikarane ein gong kjem i gang med å studera desse prosessane, vil dei truleg oppdaga at dei tradisjonelle kjeldene er svært mangelfulle. Dei må til dei munnlege kjeldene om dei skal pusla saman bitane av det fragmenterte arbeids- og produksjonslivet etter 1975. Faren er at primærkjeldene er borte før interessa vaknar for desse kjeldene. 

Det er hovudargumentet for at Memoar ynskjer ei ny "Arbeiderminneinnsamling" av minst like stort omfang som Edvard Bull og Norsk etnologisk gransking sette i gang på fyrste halvdel av 1950-talet.  

Me ynskjer kontakt med alle - historikarar like så vel som historielags- eller fagforeningsmedlemmer som deler synet om at dette er viktig. Ta gjerne kontakt med vår prosjektleiar bjorn.enes@memoar.no !


Prosjekt i startgropa: 

Gjennomført og publisert ti intervju i 2016. 

Borregårdsamfunnet: Påbegynt samarbeid med Østfoldmuseene. Gjennomført åtte intervju med tidegare Borregårdtilsette,

Hermetikkindustrien: Gjennomført to intervju i Bergensområdet (Os og Askøy). 

Herøya: Påbegynt samarbeid med Arbeiderbevegelsens Arkiv i Telemark i Industriarbeidermuseet. 

Orkla Gruver: Påbegynt samarbeid med Orkla Industrimuseum.  

Tekstilindustrien; Påbegynt samarbeid med Tingvoll Museum om gamal og ny tekstilindustri i Møre og Romsdal.

Raufoss: Påbegynt idéskisse om industrisamfunnet Raufoss. 


Nytt industriprosjekt

Memoar og Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan arbeidde i 2016 fram ei skisse av ei innsamling av munnleg industrihistorie i Telemark.  Skissa kan hentast opp frå Dokumentarkivet

Arbeidet med å søka finansiering til dette eller liknande prosjekt held fram. 
Ein vidare oppbygging av industriprosjektet kan gå inn som ein del av prosjektet "Munnleg historie for alle" i 2019-2020 - sjå www.memoar.no/mha

Herøya:

  • Hans Gunnar Olsen Tørre Hans Gunnar Olsen Tørre vaks opp i Landsbyen på Herøya. Både far hans og bestefar hans arbeidde på Hydro, og sjølv om han høyrde til den fyrste generasjonen som hadde ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:52 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 1 av 1. Vis mer »

Nikkelverket:

  • Olav Støylen Olav Støylen var med på starten av Alnor Aluminium på Karmy i 1967, og var lokal hovudtillitsvald der frå 1970. I 1974 vart han vald inn i leiinga i Norsk ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:31 av Bjørn Enes
  • Arne Johan Finne Arne Johan Finne begynte på Falconbridge Nikkelverk i 1967, etter først å ha vært to år på sjøen (MS "Moslane", Mosvolds rederi).  Han begynte i Kobberelektrolysen og ble værende på ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:19 av Bjørn Enes
  • Kåre Knudsen Kåre Knudsen er egentlig fra Arendal. Han kom til Kristiansand mens han var i militæret, traff ei jente - og ble værende resten av livet. På Falconbridge begynte han som sveiser ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:32 av Bjørn Enes
  • Bjørg Bakken Bjørg Bakken arbeidde i skoforretning i Markensgate då Falconbridge søkte etter kvinner i 1974. Det året var der omlag 1600 tilsette på verket, og Falconbridge hadde store problem med å ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:33 av Bjørn Enes
  • Wiggo Svendsen Wiggo Svendsen begynte som sivilingeniør i Koboltraffineriet på Nikkelverket i 1980. Før det hadde han mellom anna arbeidd i ei lita familieverksemd som produserte stigar. Kulturskilnaden til det store, toppstyrte ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:29 av Bjørn Enes
  • Torleif Odland Torleif Odland hadde sin fyrste arbeidsdag i Smeltehytta på Falconbridge i 1972.  Dei elleve neste åra var han innom så godt som alle driftsjobbane i hytta: Forherden, tappinga, anodebrekkinga, satsinga ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:33 av Bjørn Enes
  • Erling Stensholt (1935 - 2019) Dette opptaket vart gjort heime hos Erling Olav Stensholt i Kristiansand den 3.desember 2015. Han fortel at han kom til Falconbridge som nyutdanna sivilingeniør i 1964, for å arbeide ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:34 av Bjørn Enes
  • Øyvind Hushovd Øyvind Hushovd kom rett frå Handelshøgskolen til rekneskapsavdelinga på Falconbridge i 1974. Han teiknar eit ganske dramatisk bilete av industrien sin situasjon på 1970-talet: Inflasjon, auka lønskostnader og kraftpris ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:35 av Bjørn Enes
  • Olav Erik Sørensen Olav Erik Sørensen fekk dimme før tida av di han hadde fått jobb på Falconbridge i juni 1972. Der blei han verande arbeidslivet ut. Han vart skiftarbeidar - alltid på B ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:36 av Bjørn Enes
  • Robert Alsaker Robert Alsaker kom frå elektronikkverksemda NERA i Bergen til jobb som rasjonaliseringsingeniør på Falconbridge i juli 1964.  Han begynte med metodestudier i vedlikehaldsavdelingane (MTM-systemet). Året etter kjøpte fabrikken det ...
    Lagt inn 12. okt. 2019, 14:37 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 10 av 10. Vis mer »

Comments