Vinteren nærmar seg

Publiseringsdato: 20.okt.2013 11:10:18

I samanheng med at vi no går mot vinter igjen, ynskjer vi i Ørsta småbåtlag at våre medlemmar tar ein gjennomgong av fortøyningar og straumtilførslar. Pass på at bryggene er rydda for lause gjenstandar, som kan ende i sjøen under snømåking. På A-Piren ber vi medlemmane sjå til at løpande rigg ikkje heng laust i riggen og at stormførtøyningane på utsida er komen på plass på båtane.