Båttreff i Ørsta småbåthamn
Publiseringsdato: 30.jul.2014 16:56:58
Til helga er det nok ein gong duka for småbåttreff i Ørsta småbåthamn. Heile helga vert det salsmesse og salsboder. Laurdag er det motbakkeløp: Saudehornet rett opp, grilling og servering m.m. Om kvelden spelar Bjørns Orkester opp til dans kl 21:00. Billetsalet startar kl 20:00, med billettpris 200.-.
Resten av programmet for Naturfestivalen 2014, kan ein finne her.
Ørsta småbåtlag oppmodar båteigarar å gjere plassane sine ledige for gjestebåtar. Det er gjort avtale bla. med hamna på Strømpenestet om å kunne liggje der i helga.