Hengelås på straumuttak / Fjerning av tomme båthengarar
Publiseringsdato: 28.jun.2016 09:48:23
Styret for Ørsta småbåtlag oppfordrar medlemmane til å ha hengelås på straumuttaka sine. Enkelte har klaga på at dei har fått høge straumrekningar, utan at dei har hatt tilsvarande forbruk. Nytt hengelås på kontakta når du ikkje sjølv nyttar den, så har du kontroll på forbruket på din målar.
Det er eit stort ynskje om at tomme båthengarar vert fjerna frå hamna. Dei tar opp mykje plass, og hamna ser uryddig ut. I tillegg kan hamna få inntekter på plassane av bobilturistar.
Svein Steinnes
Formann
Ørsta Småbåtlag