Sterke vindkast resulterte i skade

Publiseringsdato: 15.des.2013 11:56:05

Facebook - Ørsta Småbåtlag - Kjell Arne Steinsvik:

Mykje synnavind i småbåthamna i kveld. Sterke vindkast resulterte i at trebrygga inst på G-piren knakk tvert av. Vi måtte trå til med alt vi hadde av tauverk og fortøye G-piren i land og diselbrygga, og fortøye inste del av G-piren i land og forsterke den. Dei to inste båtane hadde truleg fått store problem om ikkje dette hadde vorte gjort.

Henning Humberseth fortøyer inste del av G-brygga i resten av brygga.

Trebrygga knakk, så ho vart nesten heilt separert frå resten av brygga.

Betongdelen av G-brygga vart fortøyd i dieselbrygga og i land for å avlaste trykket frå vinden. Pegaus brukte begge motorane og baugthrusteren for å presse brygga tilbake mot land.

Mellom betongen og trebrygga på G.

Dagen etter:

Foto: Anders A. Steinnes