Oppsummering årsmøte 2015

Publiseringsdato: 28.feb.2015 22:48:41

Vel tredve personar møtte opp under årsmøtet som vart halde på Ankerstova tysdag 24. februar 2015. Årsmelding, reknskap, fastsetjing av kontingentar og avgifter, verdifastsetjing av andelar, val av styre og nemnder og budsjett var saker som stod på programmet. Per 31.12.2014 har laget 199 medlemar. Av desse er 163 andelseigarar, 24 medlemar utan andelar og 12 støttemedlemar.

Reknskapet vart godkjent og det vart ingen endringar for "andre kontingentar og avgifter" for 2015. Eit utval av desse er no komne på heimesida under "Prisar". Verdifastsetting av andelar er oppjustert i henhold til SSB konsumprisindeks - pålydande kr. 2.250.-

Det vart bestemt å auke hamneavgifta med kr. 1.000.- uansett antal andelar. Det vert gjeve kredit pålydande 250.- per frammøte på dugnad, begrensa oppad til kr. 1.000.-. Dermed forsvinn tilleggsavgifta for vedlikehald.

Det var ikkje kome inn saker til styret da fristen var ute.

Styre for 2015:

Formann: Svein Steinnes

Nestformann/sekretær: Tore Thon

Kasserar:

Styremedlem: Kent Riksheim

Styremedlem: Knut Petter Hovden

Vara 1: Askjel Våge

Vara 2: Bjørn Ose

Vara 3: Gunnar Gran Fet

Styret vil takke alle medlemar som har teke del i dugnadar og aktivitetar i 2014.

A.A. Steinnes