Fasilitetar
Gjesteplassar:
Hamna har 25 gjesteplassar fordelte på to brygger.
Innsegling
Grøn og raud lykt ved molo.
Gjestebryggene ligg innerst i hamna.
Maks seglingsdjupne
2,0 meter.
Bunkring
Marinediesel og 98 oktan blyfri bensin er tilgjengelig på kaia innst i hamna. Betaling med vanleg bankkort eller MasterCard.
Sjøsettingsrampe
Om du treng å sjøsette, eller ta båten din på land, har vi sjøsetjingsrampe innst i hamna, like ved bunkringskaia.
Henvend deg til vakthavande/kontaktperson for avtale.
Gjester i hamna får tilgang til alle fasilitetar. Vatn og straum finn ein på alle bryggjene. På land får ein tilgang til toalett, dusj, vaskemaskin, tørketrommel, kjøken og opphaldsrom i servicebygget Ankerstova. Kode til Ankerstova ved henvendelse til Hamnevakt.
Betaling
Eit gjestedøgn kostar kr. 250,- inkl. straum og vatn.
Betalinga skjer kontant, Vipps eller GoMarina. Pengekonvolutt og anna betalingsinformasjon ved raudt pumpehus ved rampen innst i hamna.
Legg kvittering for betalt opphald synleg på farkosten.
Andre ting ein finn i nærleiken av hamna:
- Ca. 200 m til nærmaste handlesenter
- Ca. 100 m til daglegvarehandel
- Ca. 50 m til bensinstasjon (CirkleK og Shell)
- Ca. 300 m til Hotell Ivar Aasen
- Busshaldeplassen finn du berre nokre få meter frå hamna.
- Når du legg til på gjestehamna kan du sjå eit raudt hus i nærheita. Dette er Ankerstova, der ein finn toalett og dusj.
- Ørsta har ei fin badestrand berre eit lite stykkje frå hamna
- Ein finn også fleire kaféar og restaurantar i nærleiken.