Fonetikk og fonologi

Skilnaden mellom fonetikk, fonologi og fonotaks

Fonetikk handlar om korleis språklydar blir produsert og oppfatta, medan fonologi fokuserer på korleis desse lydane fungerer innanfor eit bestemt språksystem. Fonotaks handlar om reglane for korleis lydar kan kombinerast med kvarandre i eit språk. 


Når vi snakkar om språklydar, tenker vi på vokalar, konsonantar, diftongar, tonem, prosodi, fonotaks og stavingsstruktur, mellom anna. Ordet fon kjem frå gresk og tyder 'lyd'.


Fonologi

Eit sentralt område innanfor fonologi er korleis ulike lydar kan skilje mellom tydingar i eit språk. Dette kallar vi for fonem. Eit fonem er ein lyd som kan endre tydinga av eit ord. Eit døme på dette er minimale par som /bi:l/ og /pi:l/, der lydane /b/ og /p/ skil mellom to ulike ord og derfor kan reknast som fonem. Eit anna døme er /si:l/ og /sil/, der lengda på vokalen i skil mellom orda.


Men ikkje alle lydar i eit språk er fonem. Nokre lydar er variantar av eit fonem, sidan dei ikkje skil mellom tydingar. Dette kallar vi for allofonar. I ordet /kakə/ er til dømes dei to 'k'-ane allofonar av same fonem. Eit anna døme er tynn og tjukk 'L' i /su:l/ og /su:ɽ/. Dei er berre variantar (allofonar) av /l/-fonemet.


Ein lyd kan vere eit fonem i eitt språk, men ein allofon i eit anna. I engelsk er til dømes ikkje vokalen /y/ eit fonem, og i norsk er ikkje vokalen /ɔ/ eit fonem. Likevel kan begge lydane finnast i begge språka, men sidan dei ikkje er fonem, legg vi kanskje ikkje like godt merke til dei.


To språklydar som fonetisk er nesten like og som ikkje finst i same omgivnad, står i komplementær distribusjon (t.d. dei to k-ane i kake). Når det er fri variasjon mellom to eller fleire språklydar, tyder det at uttalen varierer hos ein enkelt talar eller mellom ulike talarar utan at det fører til tydingsforskjellar. Allofonar av same fonem treng ikkje ha komplementær distribusjon.

Eit distinktivt trekk er ei minimal eining som kan skilje to fonem frå kvarandre, til dømes stemthet, runda/urunda osb.

Tonem refererer til ordskiljande tonelag. På norsk har vi to tonem: tonem 1 (t.d. huset, vatnet) og tonem 2 (t.d. huse, vatne).

Stavingar

Det er enkelt å telje kor mange stavingar eit ord har (i barneskulen gjer ein det ved å klappe stavingane), men meir utfordrande å forstå strukturen til kvar enkelt staving. Kvar staving kan delast inn i ulike komponentar: ein opptakt og eit rim som vidare kan delast inn i kjerne og koda. Stavinga fin kan t.d. delast i f (opptakt) og in (rim), og rimet kan vidare delast i i (kjerne) og n (koda). 

I norsk er kjernen i stavinga er representert av ein vokal eller ein diftong. Både opptakt og koda kan vere sammensette, og kan innehalde fleire lydar etter kvarandre, f.eks. som i sprelskt og skjelmskt.

Vi har ein underbevisst kunnskap om fonotaks, det vil seie reglane for kva lydkombinasjonar som er akseptable i norsk. Ta til dømes dei tenkte orda glaff og rgaff. Vi kan intuitivt kjenne kva som høyrest 'rett' ut på norsk pga. intuisjonar om fonotaks. Dei fonotaktiske reglane i norsk seier m.a. at opptakta ikkje kan representerast av konsonantgruppa rg

Ikkje alle stavingar er like i eit ord. I norsk har kvart ord ei staving som er trykksterk, det vil seie at den blir uttalt med vekt enn dei andre stavingane i ordet: TIL-heng-er, for-KJØL-el-se osb.

Vokalar

Når ein tannlege ber deg seie "aaa" eller når du smiler og seier "cheese" til fotografen, kan du legge merke til korleis munnen din ser ut og kjennest. Dette er vokalposisjonar.

Vokalar blir uttalt ved at lufta strøymer fritt gjennom dei øvre taleorgana, medan stemmebanda vibrerer (med andre ord er alle vokalar stemte). 

For å skildre ein vokal nøyaktig, treng vi å ta omsyn til tre trekk:


Diftongar

Ein diftong er ein samansetnad av to ulike vokalar innanfor same staving. I staden for ein stabil vokallyd får vi ein overgang frå ein vokal til ein annan i same staving (i ordet grei er /æi/ ein diftong, mens i ordet protein blir /e/ og /i/ ikkje uttalt i same staving

Fem vanlege diftongar i norsk:


Dag Tolsoy demonstrerer korleis ein norsk vokal og ein norsk diftong kan høyrest ut for ein svenske:

Konsonantar

For å skildre konsonantar nøyaktig viser vi til tre trekk: artikulasjonsstad, artikulasjonsmåte og stemtheit.

Artikulasjonsstad refererer til kor i munnen lyden blir laga. Til dømes:

Det er fleire måtar tunga kan bevege seg på for å lage r-lydar:


Tilhøvet mellom tale og skrift

Når vi tenker på språk, tenker vi ofte på bokstavane vi skriv med. Men det norske alfabetet, som inneheld 29 bokstavar, representerer ikkje alle dei ulike språklydane vi faktisk bruker. I ein bokmålsnær austlandsk dialekt finst det til dømes heile 41 fonem. Men dette talet blir endå større når vi tek med alle allofonane, som er variantar av desse fonema.

Eit viktig poeng å hugse på er at ein lyd ikkje alltid svarer til ein bokstav. Dette kan vi sjå i fleire norske ord:

Desse døma viser at det ikkje alltid er eit ein-til-ein-tilhøve mellom grafem og fonem.


Det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA)

Det internasjonale fonetiske alfabetet, IPA, er eit verktøy som språkvitarar bruker for å nøyaktig skildre korleis ord blir uttala på ulike språk. IPA har eigne symbol for kvar unike språklyd i verdas språk, og det gjer det mogleg å skildre uttalen med større presisjon enn det vanlege alfabetet. Ein nyttig ressurs for å skrive med IPA-symbol er ipa.typeit.org.

Om du studerer norsk eller nordisk, kjem du til å møte på desse symbola i ulike samanhengar, som når du studerer talemål, sosiolingvistikk, språkhistorie m.m. Det er nokre symbol som er særleg viktige for norsk talemål:

Merk at den norske <å>-lyden blir representert med IPA-teiknet /o/, medan den norske <o>-lyden blir representert med /u/. Den norske u-en som i hus blir representert med /ʉ/.