Kalender og reservasjon

Britahuset er utleigd til Omega 365 ut oktober 2023 og ikkje tilgjengeleg for utleige i denne perioden.


"We had the best week in the beautiful house of Arne and Sissel. The house with its garden by the seaside is stunning and beautifully restaurated - with lots of love for the details. Arne and his wife are lovely hosts and we really enjoyed our stay. We're definitely coming back!!"
(tilbakemelding frå Eva som besøkte Britahuset i august 2020).

Britahuset er utleigd til Omega 365 frå 1. april til 31. oktober.



Send epost for å reservere (trykk på Send mail under). Vi treng informasjon om:

  • namn, epost og telefonnummer

  • dato frå og til

  • talet på vaksne (frå 16 år) og barn

Kva kostar det å leige?

Leigepris per døgn er:

  • 2.000 kroner i sommarferien (normal leigeperiode er 7 døgn).

  • 1.200 kroner i perioden frå 1. mai fram til sommarferien, haustferieveka og påske.

  • 1.000 kroner resten av året.

Bruk av sengetøy, handdukar og sluttvask kjem i tillegg med totalt 1.200 kroner, gratis ved leigeperiode på minst 7 døgn.

Normal innsjekk er kl 16 og utsjekk kl 11, men på ved leige fredag-søndag kan du bestille utsjekk søndag kl 17 mot eit tillegg på 500 kroner når vi ikkje har nye gjester den dagen.

Minimum utleige er 2 døgn.

Båt (Pioner 14 med Yamaha 9,9 HK) er inkludert mot tillegg på 1000 kroner i vekeprisen i sommarferien. Resten av året kan den vere med i leiga mot eit tillegg på 300 kroner i døgnprisen.