Om helseføretaket

Skildring av føretaka i Helse Vest

Skildringa nedanfor gir eit overordna blikk på Helse Stavanger. Skildringa er henta frå Regional utviklingsplan 2019–2035

Helse Stavanger HF betener ei befolkning på rundt 370 000 personar i 15 kommunar i Sør-Rogaland, frå Hjelmeland i nord til Sokndal i sør. Meir enn 7 700 medarbeidarar jobbar i føretaket.

Stavanger universitetssjukehus er eitt av i alt seks universitetssjukehus i landet. Det er Norges tredje største akuttsjukehus og fjerde største fødeavdeling. I tillegg utfører Helse Stavanger HF mange regionale oppgåver, som nyføddmedisin, hjerneslagbehandling, PCI, akutt nevrokirurgi og traumebehandling. Dei leier òg traumenettverket, som er eit supplement til det regionale traumesenteret.

Helse Stavanger HF laga ein utviklingsplan i 2012 gjennom ein omfattande prosess i tråd med Helsedirektoratet sin rettleiar for tidlegfaseplanlegging av sjukehusutbygging. Utviklingsplanen frå 2012 belyser korleis vi kan løyse framtidige endringar av verksemda og kva konsekvensar det vil ha for drift, bemanning, bygg og kostnader. Planen inneheld alternative løysningar for ulike scenario for framtidige behov, og har tidsperspektiv fram til 2025 og 2040. Utviklingsplanen frå 2012 er, saman med SUS2023 forprosjektrapporten og Helse 2035, lagt til grunn for den oppdaterte utviklingsplanen. Her framhevar Helse Stavanger at dei skal

› gi eit breitt tilbod til heile befolkninga

› prioritere kvalitet og pasientsikkerheit

› styrkje samhandlinga

Medarbeidarane er føretaket sin aller viktigaste ressurs. Å rekruttere, behalde og vidareutvikle relevant kompetanse er ei hovudsatsing.

Behovet for spesialisthelsetenester i framtida vil auke ytterlegare på grunn av auke i befolkninga i området, alderssamansettinga, sjukdomsutvikling og nye diagnostikk- og behandlingsmoglegheiter. Ved sida av å dekkje behovet for spesialisthelsetenester til ei stadig aukande befolkning i eige opptaksområde, leverer Helse Stavanger òg regionale tenester til ei aukande befolkning. Det gjer det helt nødvendig med samarbeid rundt funksjonsfordeling i regionen. Helse Stavanger HF vil òg vidareutvikle samhandlinga med dei kommunale helsetenestene for å møte morgondagens utfordringar. Begge delar er klart forankra i Helse Vest sin strategi, Helse 2035.

Helse Stavanger peikar på at utgangspunkt for å møte utfordringane er krevjande. Dei må løyse fleire og meir komplekse oppgåver, samtidig med at budsjetta blir strammare og tilgangen på menneskelige ressursar blir knappare.

Helse Stavanger HF tar høgde for ein krevjande økonomisk situasjon i dei komande åra, då ressurstilgangen blir strammare og oppgåvene blir fleire. Samtidig skal Helse Stavanger oppretthalde kvaliteten og pasientsikkerheten, og dei skal vidareutvikle pasienten si helseteneste. Helse Stavanger vil derfor i større grad stille krav til tydelige prioriteringar i føretaket.