9. Bygg, drift og eigedom 

Lærdal sjukehus. Fotograf: Oddleiv Apneseth

Bakgrunn, utviklingstrekk og endringsfaktorar

Helse Førde har ei omfattande drift og ein omfattande bygningsmasse fordelt på mange lokasjonar, og fleire av bygningane er av eldre dato. For å sikre at byggutviklinga er i samsvar med retningsvala i utviklingsplanen vart det utarbeidd ein eigen bygningsmessig utviklingsplan i 2015. Planen har eit tidsperspektiv fram til 2030. Det har sidan vore arbeidd med utbygginga i Førde, og det er i gang eit arbeid i Lærdal. I tillegg vert det arbeidd med å tilpasse ambulansestasjonar til nye krav. 

Byggetomta til Livabygget. 

Bygg og drift for framtidas pasientbehandling

Ved Førde sentralsjukehus foregår det eit stort  moderniseringarbeid med nybygg og opprusting av eksisterande areal. Prosjektet har ei kostnadsramme på 1,8 milliard kroner og skal gje pasientar, pårørande og tilsette betre tilhøve og ruste sjukehuset for framtida. Her kan du lese meir om Nye Førde sjukehus.


I tillegg til byggeprosjektet Nye Førde sjukehus vert det gjort kontinuerleg større og mindre ombyggingar og tilpassingar på andre behandlingsstadar. Miljøomsynet er høgt prioritert i alle bygningsmessige endringar, især har ein prioritert å ta ned bruken av elektrisk energi i bygga. Døme på dette er ny varmesentral i Lærdal, fjernvarme og kjøling frå Førdefjorden Energi og varmesentral ved ISP i Lærdal. Nordfjord sjukehus nyttar fjordvarme, og har dei siste åra optimalisert drifta for å hente ut mest mogleg energi. 

Mål og tiltak

Mål

Tiltak for å nå måla

Slik skal vi måle at vi er på rett veg

Oversikt over innsatsområda