7. Økonomi

Administrerande direktør Arve Varden i videosamtale med tidlegare helseminister Bent Høie

Bakgrunn, utviklingstrekk og endringsfaktorar

Helse Førde har eit årsbudsjett på om lag tre milliardar kroner. Økonomien har i mange år vore i balanse. Men grunna låg folkevekst har løyvingane auka lite dei siste åra. Å finne rom for utvikling og nye tiltak som er nødvendige for å tilpasse oss framtidas helsetenester er utfordrande med liten vekst i budsjetta. Handlingsrommet vert difor skapt ved å omstille frå dagens drift. Det krev at vi i føretaket klarer å tenke nytt.

Utfordringar og moglegheiter

Auken i behovet for helsetenester må møtast ved å ta i bruk nye hjelpemiddel og satse meir på brukarstyrte tenester, telemedisin og oppfølging ved teknologiske hjelpemiddel. Utviklinga går frå døgn til poliklinikk og auka bruk av videokonsultasjon i staden for fysisk oppmøte. I tillegg er nærare samarbeid mellom fastlege/heimeteneste og sjukehus viktig for å gjere dei rette vurderingane om pasienten treng å komme inn til sjukehuset.


Mål og tiltak innan økonomi

Mål

Berekraftig drift, slik at føretaket kan gjere nødvendige investeringar og sikre handlingsrom for kjerneoppgåvene, samt rom for utvikling av tenestene våre.


Tiltak

  • Hente ut økonomiske gevinstar gjennom omstilling og effektivisering av drifta:

  • Synleggjere behov for endringar i dagens finansieringsordning, som til dømes digitale helsetenester og førebygging i spesialisthelsetenesta.

  • Samanlikne oss med andre for å syne at vi driv effektivt innan rammene våre.

  • Innarbeide økonomiforståing og -motivasjon på alle leiarnivå.

  • Nytte KAPP (kostnad per pasient) i forbetringsarbeid.

Slik skal vi måle at vi er på rett veg

  • KAPP (kostnad per pasient).

  • Gevinstrealisering ved økonomisk oppfølgingav planlagde endringar.

  • Samanlikne oss med andre helseføretak.

Oversikt over innsatsområda