Statusmelding 2023

Statusmelding første halvår 2023 frå Arve Varden 

Også i år har vi hatt eit første halvår der mykje positivt har skjedd i helseføretaket, og vi står no framfor endringar av historiske proporsjonar. Utanfrå ser Livabygget nærast heilt ferdig ut, og innvendig går arbeidet framover etter planen. Om ikkje lenge er den første av dei åtte etasjane ferdige også innandørs. Dette betyr samtidig at vi som organisasjon står framfor ei stor utfordring. Vi skal flytte store deler av den pasientretta verksemda vår i Førde frå eit bygg frå 1970-talet, og over til eit 50 år nyare sjukehusbygg. Vi veit alle kva utvikling Helse Førde har gjennomgått over desse tiåra, både medisinsk-fagleg og organisatorisk. Vi har no ein unik sjanse til å organisere oss slik at pasientane får dei beste spesialisthelsetenestene som er mogeleg å tilby anno 2023, innanfor dei rammene vi har. Eg både ser og veit at organisasjonen er i gang med å bu seg på endringane som kjem med nybygget, og eg kjenner meg trygg på at vi kjem til å organisere oss slik at vi trekker det beste ut av bygg og utstyr - til beste for pasientane. Når eg i tillegg ser standarden på dei nye sengeromma for pasientane våre, så veit eg at sengepostane i det nye sjukehuset kjem til å gje best mogeleg opplevingar for både pasientar og tilsette.   


No i vår fekk vi allereie ein liten forsmak på endringar som kjem. Deler av rørpostsystemet inn til laboratoriet vårt er i drift, og den nye og eineståande automasjonslina der sikrar effektiv og sikker behandling av prøvene frå akuttmottaket. Med det nye Livabygget i drift er målet at også sengepostane der kan sende prøvene sine fortløpande med rørpost, og vi kan stille diagnosane utan unødig opphald når vi ikkje lenger må frakte dei manuelt i heis og gjennom korridorar. Betre for oss, og betre for pasienten!  Dette er berre eitt døme på funksjonar som blir endra. Mykje ny informasjon og nye oppgåver ventar. Integrasjonar må på plass innan både datasystem og rutinar. 


Samtidig som vi riggar oss for å arbeide i eit nytt sjukehusbygg, har vi lagt bak oss eit svært krevjande halvår. Dei økonomiske realitetane endrar seg, og tvingar oss til å ta grep for å tilpasse drifta til dei økonomiske rammevilkåra. 


Vi ser også at arbeidet med rekruttering vert krevjande. Mangel på hender kan i framtida bli meir utfordrande enn mangel på pengar. I så måte er det ekstra kjekt når vi lukkast. Og då har eg lyst å trekke fram arbeidet som Nordfjord sjukehus har gjort. Frå komande haust/vinter er det sikra ei meir stabil drift med fleire legespesialistar på plass.  


Helse Førde har også i første del av 2023 utfordringar knytt til ventetider og fristbrot. Det er eit kontinuerleg arbeid med tiltak på desse områda.  

Leiinga si gjennomgang første kvartal 2023 til styret du lese i styresak 12. juni 2023 om leiinga si gjennomgang første kvartal 2023