Statusmelding frå administrerande direktør

Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde 

Første halvår med revidert utviklingsplan - er vi på rett veg? 

Tysdag 5. april 2022 avvikla Helse Førde beredskapen i samband med koronapandemien. Det har vore eit langvarig og krevjande arbeid, men eg er stolt over innsatsen og engasjementet medarbeidarane har lagt ned. Eg synest at vi har takla pandemien på ein svært god måte og som sjukehus har vi lært mykje som vi tek med oss vidare. Sjølv om første del av året var prega av pandemi har det vore stor aktivitet på mange andre område. Slik eg ser det er vi på rett veg innan fleire av dei prioriterte utviklingsområda. Eg vil særleg trekke fram at samarbeidet med kommunane om Helsefellesskap har kome godt i gang. Det gler meg òg at innsatsen innan forsking og innovasjon er styrka i Helse Førde. At byggeprosjektet Nye Førde sjukehus er i rute er ikkje sjølvsagt, då både pandemi og krigen i Ukraina kunne ha skapt større problem for framdrifta. 


Vi har likevel utfordringar som vi må jobbe vidare med. Det som uroar meg mest er at ventetida innan somatikken er vedvarande høg og at det er ein aukande trend med fristbrot. Her blir vår jobb å finne tiltak som har effekt. Dette er  noko som styret i Helse Førde etterspør, og som vi vil prioritere høgt. 



Statistikk og framskrivingar

Helse Førde gjev spesialisthelsetenester til innbyggarane i tidlegare Sogn og Fjordane, med unntak av Gulen kommune. 1. januar 2020 var det 108 404 innbyggarar i Helse Førde sitt opptaksområde. 


Framskrivingane av befolkninga viser at auken i tal eldre innbyggarar er sterk samanlikna med utviklinga for yngre aldersgrupper i vårt opptaksområde. Det er ei utfordring når det blir stillstand i den yrkesaktive delen av befolkninga, medan det er sterk auke i den eldre delen.

Her kan du lese meir om statistikk og framskrivingar for helseføretaka i Helse Vest.  

Helse Førde i tal og storleikar (tal frå 2020)  

Omsetnad 

3 mrd. 

Årsverk 

2358

Konsultasjonar

175 000

Liggedøgn

80 000