Statusmelding 2022

Administrerande direktør Arve Varden si oppsummering første halvår 2022

Tysdag 5. april 2022 avvikla Helse Førde beredskapen i samband med koronapandemien. Det har vore eit langvarig og krevjande arbeid, men eg er stolt over innsatsen og engasjementet medarbeidarane har lagt ned. Eg synest at vi har takla pandemien på ein svært god måte og som sjukehus har vi lært mykje som vi tek med oss vidare. Sjølv om første del av året var prega av pandemi har det vore stor aktivitet på mange andre område. Slik eg ser det er vi på rett veg innan fleire av dei prioriterte utviklingsområda. Eg vil særleg trekke fram at samarbeidet med kommunane om Helsefellesskap har kome godt i gang. Det gler meg òg at innsatsen innan forsking og innovasjon er styrka i Helse Førde. At byggeprosjektet Nye Førde sjukehus er i rute er ikkje sjølvsagt, då både pandemi og krigen i Ukraina kunne ha skapt større problem for framdrifta. 


Vi har likevel utfordringar som vi må jobbe vidare med. Det som uroar meg mest er at ventetida innan somatikken er vedvarande høg og at det er ein aukande trend med fristbrot. Her blir vår jobb å finne tiltak som har effekt. Dette er noko som styret i Helse Førde etterspør, og som vi vil prioritere høgt. 

Vi er på rett veg innan desse områda

 

Vi har utfordringar innan desse områda

Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde 

Helse Førde fram mot 2035

I januar 2022 vedtok styret i Helse Førde ny utviklingsplan. Planen er ei vidareføring av utviklingsplanen frå 2018, men er oppdatert og justert med nye føringar. I planen skal vi svare på korleis helseføretaket skal løyse framtidas behov for helsetenester. Den medisinske utviklinga går raskt, og vi må stadig tilpasse vår tenesteyting etter nye behandlingsmetodar og nytt medisinsk utstyr. Målet er å planlegge for rett kompetanse, nye arbeidsformer og riktige bygg og utstyr.


Det er viktig for meg at vi har lik kvalitet på alle plassane vi yter tenester i Helse Førde. Vi ønskjer å desentralisere det vi kan, og sentralisere det vi må. Difor er nasjonale mål om å få fleire spesialisthelsetenester ut i heimen til pasienten eller nærare heimen eit mål som vi vil legge til rette for. Vårt gode samarbeid med kommunane over fleire år vil vi formalisere endå meir gjennom det som no blir kalla helsefellesskap.


Med jamne mellomrom vil eg kome med oppdateringar om framdrift og saker knytt til gjennomføringa av utviklingsplanen. Eg vil òg løfte fram saker eg meiner er viktige for pasientane og verksemda som heilskap.