10. Samfunnsansvar

Samfunnsansvaret til spesialisthelsetenesta

Helse Førde er den største organisasjonen i Sogn og Fjordane. Vi har aktivitetar i dei fleste kommunar og store institusjonar som sjukehus på tre stader. Aktiviteten vår påverkar arbeidsplassar, infrastruktur, rekruttering, næringsliv og mange andre delar av det offentlege. 

 

Klima og miljø, menneskerettar og arbeidstakarrettar, samt antikorrupsjon er tema som sjukehusa jobbar med innan samfunnsansvar i Noreg. Spesialisthelsetenesta skal vere leiande i sitt arbeid med miljø og berekraft, og fremje god helse gjennom miljøvennleg drift. I spesialisthelsetenesta sin rapport for samfunnsansvar 2022 finn du klimaregnskap for kvart helseføretak og døme på korleis det blir jobba med dette.

Utfordringar og moglegheiter 

FN har slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita, men endringane er også, i følge Verdens Helseorganisasjon, den største helsetrusselen vi står ovanfor. Norske sjukehus set eit solid avtrykk  med høgt forbruk. Sjukehusa i Noreg har difor vedteke felles miljømål for å redusere CO2-utsleppa med 40 prosent innan 2030. Det langsiktige målet er å ha ei klimanøytral verksemd innan 2045. Helse Førde deltek i regionale og nasjonale nettverk knytt til klima og miljø, og har implementert miljøstyring som ein del av verksemdstyringa. 

Mål og tiltak

Mål

Delmål 

Innføre miljømål som er vedtekne av dei regionale helseføretaka:

Tiltak for å nå måla

Slik skal vi måle at vi er på rett veg

Oversikt over innsatsområda