Særskilt språkopplæring og tilpassa opplæring

— ressursside for tilrettelegging av undervisning og opplæringsløp for elevar i vidaregåande opplæring

1. Særskilt norskopplæring

Særskilt norskopplæring er forsterka opplæring i norsk.

Opplæringa kan gis i norskfaget, etter annan læreplan, eller i form av tilpassing innanfor ordinær læreplan.

Dersom det er vurdert å være til det beste for eleven, kan skulen organisere særskilt norskopplæring i eigne grupper, t.d. etter læreplan for elevar med kort butid i Noreg.

Sjå meir informasjon frå NAFO

2. Morsmålsopplæring

Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet.

Opplæringa tar utgangspunkt i læreplan i morsmål for språklege minoriteter.  

Sjå meir informasjon frå NAFO


3. Tospråkleg fagopplæring 

Tospråkleg fagopplæring er opplæring i eit eller fleire fag på morsmål og på norsk.

Opplæringa gis av tospråkleg lærar og følger læreplanen for det enkelte fag.

Sjå meir informasjon frå NAFO

4. Anna tilpassa opplæring

Anna tilrettelegging er nødvendig dersom elevar kan for lite norsk til å delta i ordinære fag-/undervisningsgrupper og skulen ikkje kan skaffe tospråklege lærarar.

Sjå døme på korleis du kan tilpasse undervisninga:


▪️ Tilrettelegging i integrert gruppe
– døme og erfaringar frå Slåtthaug vgs


▪️  Tilrettelegging i eiga gruppe – døme og erfaringar frå Fyllingsdalen vgs

Opplæringslova § 3-12. Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar stadfester at:


Kartlegging og sakshandsaming

Opplæringslova § 3-12 slår fast at fylkeskommunen skal kartlegge eleven sin dugleik i norsk før det vert fatta vedtak om særskild språkopplæring. Kartlegging skal også utførast gjennom skuleåret, slik at ein kan følge språkutviklinga og tilpasse opplæringa for eleven undervegs.

Organisering av opplæringa 

Opplæringa kan jf. opplæringslova § 3-12 organiserast i eigne grupper, klassar eller skular, dersom det er til det beste for eleven. Opplæring i særskilt organisert tilbod kan vare i inntil to år og vedtak må gjerast for eitt år om gongen. Hvis det er nødvendig for å vareta eleven sitt behov kan det gjerast avvik frå læreplanverket.


Sjå døme på korleis ein kan organisere opplæringa:


▪️ Treårig løp i engelsk for elevar på studieførebuande utdanningsprogram – døme og erfaringar frå Bergen Katedralskole

Rett til utvida opplæringstid

Elevar som har rett til særskild språkopplæring har rett til inntil to år ekstra opplæringstid når eleven treng det ut ifrå opplæringsmåla for den enkelte, jf. opplæringslova § 3-1 femte ledd

I den utvida opplæringstida har eleven rett til opplæring på heiltid. Det er høve til å innvilge utvida tid allereie i løpet av Vg1, dersom vilkåra er oppfylte. På den måten kan ein elev til dømes ta Vg1 over to år.

Vestland fylkeskommune
Vestlandfylke.no