Dersom kartlegginga viser at eleven har rett til særskild språkopplæring, skal det fattast enkeltvedtak om kva opplæring eleven skal få.
I vedtaket skal ein grunngi, ut ifrå informasjon om eleven og resultat frå kartlegginga, kvifor eleven har rett til særskild språkopplæring og kva slags opplæringstilbod skulen tilrår.
1. Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter (NOR07-02)
Læreplan i grunnleggende norsk for språklege minoriteter er ein overgangsplan for elevar med rett til særskild språkopplæring. Læreplanen fører ikkje fram til sluttvurdering med karakter.
2. Læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid i Norge (NOR09-05)
Læreplan i norsk for språklege minoriteter gir likeverdig kompetanse som ordinær læreplan i norsk og fører fram til sluttvurdering med karakter.
Læreplanen gjeld for elevar i videregående opplæring, privatister og deltakarar i vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne.
NB! Endring i ny lov/forskrift
Ifølge ny forskrift til opplæringslova (§5-12) kan elevar i vidaregåande opplæring nytte læreplanen om dei oppfyller begge desse krava:
Eleven har rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 6-5
Eleven har ikkje hatt meir enn fire års opplæring fra og med femte trinn i norsk grunnskole før oppstart i vidaregåande opplæring
Ny forskrift stadfestar vidare at privatistar kan ta eksamen etter læreplanen dersom desse tre vilkåra er oppfylte:
Privatisten har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk eller dansk
Privatisten har budd mindre enn sju år i Noreg første gong ein tar eksamen i faget
Privatisten har ikkje fått sluttvurdering etter ordinær læreplan i norsk skoleåret 2020-2021 eller seinare
Opplæring i særskild norsk kan gis etter ordinær læreplan i norsk med tilpassingar.
Vestland fylkeskommune
Vestlandfylke.no