For å få kjennskap til eleven sitt språknivå, slik at ein kan gi eleven tilpassa og tilrettelagd opplæring
Så raskt som mogleg etter skulestart for eleven, slik at ein kan kome i gang med særskilt språkopplæring og tilpassa opplæring.
Vi tilrår å nytte skriftleg prøve i Vestlandsverktøyet i starten av skuleåret for å fatte enkeltvedtak.
Elevar som vert vurdert til A1-A2-B1 på den skriftlege prøva har rett på særskilt språkopplæring.
Elevar som vert vurder til B1+ på den skriftlege prøva, kan ha rett på særskilt språkopplæring etter ei heilskapleg vurdering:
Prøva gir ikkje eit breitt nok bilde av den samla kompetansen eleven har i norsk, og kan difor ikkje åleine avgjere at eleven ikkje har rett til særskilt språkopplæring.
Som utgangspunkt for ei heilskapleg vurdering kan ein nytte munnleg prøve i Vestlandsverktøy og dei ulike delane av Udirs kartleggingsverktøy (sjå lenkjer og ressursar nederst denne sida).
Vi tilrår å nytte munnleg prøve i Vestlandsverktøyet for å tilpasse opplæringa
Den munnlege prøva gir ei breiare forståing av eleven sin språklege kompetanse, og vil vere nyttig i det pedagogiske arbeidet med å tilpasse opplæringa. For ein del elevar vil det til dømes vere tilrådeleg å bruke meir enn normert tid på å fullføre vidaregåande skule.
Vi tilrår å nytte Udir sitt kartleggingsverktøy i grunnleggande norsk som ein del av oppfølginga av eleven si utvikling over tid.
Udir sitt verktøy er ikkje ei språkprøve.
Kartleggingsverktøyet består av to delar:
samtaleguide for oppstartsamtaler
kartlegging innanfor fem dugleiksområder: lesing, skriving, ordforråd, munnleg kommunikasjon og uttale
Vestland fylkeskommune
Vestlandfylke.no