Startsamtalen er ein strukturert samtale i byrjinga av skuleåret for alle nye elevar ved skulen. Samtalen skal gi lærarar og skulen eit innblikk i eleven sine faglege interesser og motivasjon for skuleåret.
For minoritetsspråklege elevar er det behov for ein utvida samtale for å få nærare informasjon om:
Kva språk eleven kan og behov for kartlegging
Skulebakgrunn
Familie- og livssituasjon
Behov for ekstra hjelp og tilrettelegging
For mange elevar, og særleg for dei minoritetsspråklege, kan det være nyttig å få tilsendt aktuelle spørsmål og tema for samtalen på førehand.
Kontaktlærar, eventuelt i samarbeid med norsklærar, er ansvarleg for gjennomføring av startsamtalen.
For elevar som kan særs lite norsk kan bruk av tolk vere nødvendig.
Ressursar og malar:
Startsamtale VLFK – bokmål (velg Fil > Last ned)
Startstamtale VLFK – nynorsk (velg Fil > Last ned)
Vestland fylkeskommune
Vestlandfylke.no