Anna skaar

Anna Skaar – «Runne Anna» 03.11.1906 - 29.08.1997

Anna Skaar, eller «Runne Anna» som ho vart kalla på folkemunne, vart fødd inne på garden Runnane i Brattvågen i 1905, og der budde ho heile sitt liv. Der dreiv ho garden saman med mannen sin Matias.


Anna var ei aktiv dame på fritida si. Ho var aktiv innan Noregs Bondekvinnelag, samt at kyrkja og fekk nyte godt av hennar arbeidskraft. Anna var ein fargeklatt i nærmiljøet sitt, med godt humør og ein smittande latter, og ho var der alltid med ei hjelpande hand når det trongst. Det vert glede av slikt. Ein annan ting som kjenneteikna Anna var handelaget og gleda over å skape ting med hendene sine. Mang ein hekladuk og store hekla sengeteppe har kome frå hennar hand.


Anna hadde ei anna stor glede og. Ho var veldig glad i å danse, og når ho og naboen Vika Petter dansa, var det stor stemning blant eit beundrande publikum. Eg trur ikkje Anna vart rik på si neste interesse, men ho var veldig glad i fotball, og ho sykla kvar veke inn til Brattvågen for å levere inn tippekupongen. Det vart ingen toppgevinst, med ein og annan 10ar og 11ar vart det gjennom åra.


Brattvåg har alltid vore, og framleis er, ei bygd med eit sterkt næringsliv. Ei av bedriftene, som var sentral i oppbygginga av Brattvågen, var Hildre Fiskevegn, og det var her Anna la ned ein ikkje ubetydeleg arbeidsinnsats. Hildre Fiskevegn var ei blanding av industri og heimeindustri. Linefiske er, og har historisk vore ein sentral av Noregs fiskeflåte, og spesielt i Haram Kommune. Flåten treng liner, og linene treng «kjensler» der ein knyter fiskeongulane til lina. Bedrifta hadde utvikla ei spesiell maskin, som «slo kjenslene». Dette betyr at ein tok ein nylontråd, som var dobbel av lengda på den ferdig kjensla, og «slo» den slik at eine enden vart ei løkke, og andre enden vart då open. Denne enden måte knytast, slik at kjensla ikkje vart splitta att, og det var her «Kjenslekjerringane» i Brattvåg kom til sin rett.


«Kjenslekjerring» vart eit hedersbegrep, og det er i dag reist ei statue i Brattvågen, som heidrer alle desse fantastiske kvinnene, som gjorde ein slik ein stor og viktig innsats. «Runne Anna» var ein stolt del av denne tradisjonen. På spørsmål om kva hendinger i livet som hadde betydd mykje for Anna, var eit av svara at det var då ho hadde tent nok penger til å kjøpa sin fyrste sykkel, slik at ho slapp å bera alle dei tunge «kjenslebuntane» til og frå heimen. Sykkelen vart Anna sitt middel til å oppnå målet om aktiv deltaking i samfunnet og i familien.

«Runne Anna» sine ettarkomarar.

Anna og Matias fekk 4 born. Desse var:

Helga Skaar Synnaland, f. 21.09.1933 d. 29.04.2006.

Hans Skaar,f. 10.08.1935 d. 24.07.2015 (Tvilling med Frida).

Frida Skaar Sønderland, f. 10.08.1935 d. 07.09.2022.

Magne Skaar, f. 23.11.1948.

(Tekst: Sveinung Giske)