Kortkurs 2024

Kunsten å få born til å intervjue besteforeldre blir eit av emnene på kortkurset under kulturdagane. 

Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie 

inviterar til verkstad om 

Minnesamling 

under Historisk Festival i Bergen

søndag 27.okt. 2024  kl. 12- 13.30 

Kurset foregår i Memoar sine lokale i Lodin Lepps gate 2b.



Livshistorier er kulturarv

Under Bergen historiske festival, søndag 27. okt. 2024 inviterar Memoar til kortkurs om privat og organisert minnesamling. For oss som lever nå er det enkelt å ta vare på og dele våre eigne fyrstehands forteljingar om livsløp og livserfaringar. Vi kan dele dei med kvarandre - og vi kan gi dei vidare til komande slekter. Dette kortkurset er berekna både på privat minnesamling til familiearkivet - og på deg som kan tenkje deg å  bidra til organisert innsamling av livshistorier som immateriell kulturarv.

Kven kan delta?

Alle som er interesserte er velkomne. Du treng ikkje ha andre forkunnskapar enn interesse for munnleg kulturarv. Og det passar for alle mellom 10 og 100 år.

Vi vil gjerne at deltakarane melder seg inn i Memoar - men det er ikkje eit krav. 

Kva skal skje? 

Fyrst og fremst skal det handle om korleis du kan samle og ta vare på intervju til familiearkivet. 

Mot slutten skal vi fortelje litt om Memoar sitt organiserte innsamlings-arbeid og korleis du kan bli med i det. 

Kven står bak? 

Arrangør er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Sjå www.memoar.no

Ansvarlege for kortkurset er Sebastian Kaasa, historikar og leiar av Bergen Memoar, og  Bjørn Enes, frilansjournalist og minnesamlar. 

PROGRAM:

Pris

Kurset kostar 100,- kroner

Medlemmer av Memoar betalar ingenting. Innmelding: www.memoar.no/medlem

Deltakarar som har festivalpass frå Bergen Historiske Festival 2024 betalar ingenting

Samandrag: 


Kvar einaste livsforteljing er ei mikrohistorie om den epoken vi har levd - og om den ballasten av livserfaring vi fekk med oss på vegen - som regel mellom 100 og 200 år.


Munnleg historie kan virke rotete og usamanhengande. Men det er av di levd liv omfattar veldig mange fleire samanhengar enn dei som blir synlege i redigerte tekstar. 


Før 1930 var det så godt som umogleg å samle munnleg kjeldemateriale. Men i dag er det både enklare og billegare. Nesten alle har ein opptakar i lomma og eit arkiv i skya. 





Vellukka minneintervju kjem ikkje av gode spørsmål. Dei kjem frå forteljaren si glede over å bli lytta til, frå intervjuaren si glede over å få  høyre - og frå at forteljingane veks gjennom å bli delte. 


Kvar heim og kvar familie bør ha ein minnedisk i husarkivet - med intervjuopptak og bilde.

Kvar jul og kvar midtsommarkveld bør minst ein i huset bli intervjua i minst halvannan time.

  



Forslag til stikkordsliste - minneintervju: 

Namn og opptaksdato - (også namn på intervjuar)

“Fortell om kven du er?”


Barndom: 



Ungdomstid, utdanning og vaksenliv:

Refleksjon og tilbakeblikk:


Andre tilbod frå Memoar: 

Migrasjonsminne

Hausten 2024 og gjennom heile 2025 kjem Memoar til å samle minner og munnleg kulturarv om inn- og utvandring. Utvandrarjubileet i 2025 set fokus på kor viktig migrasjon er i norsk historie. 

sjå meir på www.migrasjonsminne.no 

Kurset "Mitt memoar"

I dag kan ei livsforteljing bevarast og publiserast i mange former: Bok, podcast, multimedieproduksjon, filma livsløpsintervju.  Dette kurset er berekna på deg som vil fortelje - uansett format.

Sjå meir: https://mitt.memoar.no/   

Profesjonelt  intervju:

Du kan leige ein profesjonell minnesamlar til eit livsløpsintervju med deg sjølv, eller med ein person du kjenner som bør bli intervjua. 

Sjå meir på www.memoar.no/hjelp -  eller bestill her