2017

Januar:

Hu hei kor det har gått i vår. God start med StaS sin jubileumskonsert i januar. Me var over 80 songarar på nokre fellesnummer. Det vart fint! StaS 2017 - som me kalte oss ved det høvet - song Poulenc i messe i G-dur, og Bogoroditse Devo av Rachmaninov.

Februar:

Det byrja med framføringa av Bergens besyngelse. Musikk av 6 lokale komponistar til tekstar av Erlend O. Nødtvedt. Eit samarbeid med Borealis, og ikkje minst GNEISar i eksil, Runar Bruteig Olsen. Men alt i alt eit konsept ved Kammerkoret GNEIS. Komponstane gav av sitt beste, og koret gjorde ein stor jobb med å bevega seg mellom dei ulike komponistane sine uttrykk. Eit storarta prosjekt og ny musikk som me håpar også får eit vidare liv.

Eg var musikalsk ansvarleg for Sunnhordland Folkehøgskule sitt prosjekt "Danny, the Champion of the World". Framføringar på Halsnøy og Berlin. Svært hyggjeleg samarbeid med mange flinke folk. Regissør Eli Hårklau må nemnast.

Dessutan var StaS i Oslo og hadde konsert og hyggjeleg møte med Oslo Domkirkes Ungdomskor i domkyrkja der. Ein flott gjeng og eit gledeleg prosjekt.

Månadsskiftet mars/april:

Sankta Sunniva Kammerkor framførte konserten Jesu, meine Freude i Domkirken. Svært gledeleg samarbeid med Sigurd M. Øgaard. Og svært gledeleg å jobba med dette fabelaktige verket.

I palmehelga reiste Åsne og eg til Cinque Terre i Italia for å feira 15 års bryllupsdag. Det var truleg høgdepunktet dette året.

I april var det Norbusang på Os, der arbeidde eg som altmogelegmann, men først og fremst som vertskap for dirigentstudieturen. Det vart eit spennande møte med svært dedikerte folk. Jammen finst det barne- og ungdomskorkorkompetanse i Noreg og norden!

Siste april vitja ei gruppe frå StaS Rune Johnsen Klevberg i Olsvik kirke.

Mai:

Tur til Spania med Stord con Spirito. Me var svært glade for å bli tekne så godt i mot i Minnekirken på Solgården. Og for samarbeidet med pianist Olga Khudjatoullina. Det eksotiske var kor sterkt den norske var intergrert i samfunnet. Me var det på 17. mai, så det raude, kvite og blå mot den spanske sola og det golde landskapet vart slåande.

Etter mykje reising var det deilig med konsertar i Bergen. Først med StaS i St. Markus. Alltid ei glede å vera der. Konserten vart arrangert i samarbeid med Løvstakksiden menighet og Mariko Takei.

I mai hadde eg gleda av å syngja Grieg sine Vinjesongar - saman med Ingunn Ådland på piano og med språklege og biografiske kommentarar ved av Njål Bokn - på Halsnøy Kloster. Fullt hus og ei god oppleving heime på Halsnøy.

Mai/juni:

Huskonsertar i Johanneskirken mandager i mai/juni har i fleire år vore ei flott oppleving. Svært gledeleg at mange vitjar oss og kyrkja på disse gratiskonsertane.

Var heldig og fekk vera med Årstad kantori, Borakvartetten og Tore Hegdahl på to framføringar av Arvo Pärt si Berlinemesse. Han er sanneleg litt av ein komponist. Hilde Annine Hasselberg, Daniela Iancu og Ørjan Hartveit var eit flott kollegium å syngja saman med.

Juni/Juli:

Stortur til St. Petersburg og Latvia. Konsertar, konkurranse (me fekk Grand Prix). Etterfulgt av innspeling i Vilani i Latvia.

August:

Opptredde ei gruppe frå StaS på Økumenisk gudstjeneste, i nærvær av den katolske Biskop Bernt, riksantikvaren, fungerande Bjørgvinbisp Theodorsen og ordførar Slettebø.

Sist i månaden hadde eg glede av å vera tenorsolist på Sogndal sanglag og Forsvarets musikkorps, Vestlandet si framføring av Mozart sitt Requiem.

September:

April frå St Petersburg kom på besøk til Bergen og Halsnøy Kloster. Må nemna kor alltid like velkommen Helén og henna folk er på Halsnøy - dei gjer ein kjempejobb.

Oktober:

I Oktober feira ei lang rekkje songarar, Åsne (kona) og eg inkludert, Norges Ungdomskor sitt 30 års jubileum. Me song flott musikk "under" mange av dei fremste kor-dirigentane her til lands i Oslo Domkirke. Og traff mykje godtfolk. Ei oppleving.

StaS hadde konsert saman med Via Vitae i Johanneskirken under Bergen Kirkeautunnale. Det var svært hyggjeleg. Me song Morten Lauridsen sitt verk Lux Aeterna.

November:

Første helg i november song Stord con Spirito og Tore Hegdahl Fauré sitt Requiem i Nysæter og Årstad kyrkjer.

Eit godt og hyggjeleg samarbeid.

Til slutt bør det vel nemnast at eg har to flotte tillitsverv. Styremedlem i Ung i Kor og styreleiar i Hordaland Musikkråd. I disse styra har me ansvar for svært mange amatørmusikarar og songarar. I sanning eit viktig arbeid. Eit høgdepunkt i dette arbeidet var festivalen Norbusang på Os, der eg stod for ein studietur for deltakande dirigentar.