Kammerkoret GNEIS

Kammerkoret GNEIS vart skipa i 2005. Et blanda kor som gjerne syng musikk skriven av nolevande, vestnorske komponistar. Men repertoaret har femna vidt: Madrigalar av Victoria og Gesualdo, motettar av Bach, körvisor av Stenhammar og julemusikk av Poulenc. Koret jobbar med alle typar nyskriven musikk, både notert, improvisert og etter bruksanvisning.

Følgjeleg har me bak oss ei rekkje hyggjelege samarbeid med komponistar.

Våren 2017 Deltok GNEIS på samtidsmusikkfestivalen Borealis i bergen. Konserten konserten "Bergens Besyngelse" bestod av 6 urframføringar bestilt av kammerkoret Gneis. Alle basert på diktar Erlend O. Nødtvedt si diktsamling Bergens Beskrivelse.

Hausten 2017 har me jobba med improvisasjon i kor. Dette har vore spennande, interessant og kjekt. Særleg kjekt er det å oppleva at alle songarane i denne prosessen opplever kor viktige dei er ei koret. Prosjektet kulminerte i ein julekonsert i Mariakirken. Alle julesongane var bearbeidd fram kollektivt og fekk rammer i ein open og demokratisk prosess. Og sjølve konserten vart improvisert fram. Kult!

Våren 2018 tek me denne metodikken vidare, i arbeid med og bearbeiding av tidleg musikk. Me ser også fram til fleire komponist-samarbeid i 2018.

Besøk Kammerkoret GNEIS på Facebook

Høyr konsertopptak av koret på med verka "Døtrene" og "If I speak" av høvesvis Kenneth Sivertsen og Kjell Mørk Karlsen. Dei to verka syner koret frå to ulike sider.