toretenor

Har sunge heilt sidan eg fekk gitar på 9-års dagen.

Utstyrt med allsidig musikksmak, så har vore med på mange ulike musikalske prosjekt:

Songar/gitarist i band, solist på lied- og oratorie-konsertar, opptrinn med storband, vore med i sceniske produskjonar, - då gjerne i komisk rolle. Medlem i fleire profesjonelle vokalgrupper, men somme tider også som medsongar i amatørkor. Aktiv som gravferdssongar.

Trivst godt som korseminar-haldar, så ta gjerne kontakt (i god tid) dersom det skulle vera eit ynskje.

Tre litt ulike videoar der eg syng ensemble her: Membra solistkvartett syng Seiber sitt "There was an old man in a tree" (frå "Nonsense songs"), Marcus Davidson dirigerer sin eigen musikk "The concious sky" og til slutt ein bootleg av mitt eige minimalistiske arrangement av folketonen "Vesle fuglen". Kari Malmanger (Frå Kvinnherad, bur i Sogn) er solist. Spir vokalensemble korar.