Stord con Spirito

Stord con Spirito er eit kvinnekor som øver i Stord kommune.

Koret er vart skipa i 1990 av Reidun Hagenes. Dei markerte seg raskt som eit kor på nasjonalt plan, og har hatt mange konsertar i inn og utland med eit breidt repertoar. Dei kjenner seg heime i det søtaste av det søte innan kor-pop så vel som i den mest storslagne kyrkjemusikken, men syng like gjerne musikk som er meir utfordrande både for songarar og publikum.

Koret har oftast eit prosjekt per semester. Dei siste åra har koret mellom anna jobba med Mariamusikk, med konsertar i Nysæter kyrkje på i Stord, Mariakirken i Bergen, i og rundt Riga hausten 2014 og i Cambridge hausten 2015. Hausten 2016 fremførte koret Benjamin Britten si fantastiske carol/julesong-samling "A Ceremony of Carols" i samarbeid med harpespelar Marija Kadovic.

2017 byrja med tur til Spania, der koret norsk og engelsk musikk. Hausten hadde me eit hyggjeleg samarbeid med kantor Tore Hegdahl i Årstad kirke i Bergen, der me framførte Fauré sitt Requiem, i arrangement for kvinnekor.

I 2018 syng me eit spennande og krevjande konkurranseprogram i Syng for oss-tevlinga i Bergen:

Ørjan Matre: Joli kjem

Odd Johan Overøye: Gjenta

Rebecca Clarke: Chorus from Shelley's Hellas

Ola Gjeilo: Ave generosa

Gustav Holst: Ave Maria

Kjersti Follesø: Einsamflygar

Besøk Stord con Spirito på Facebook

Høyr Stord con Spirito framføra Rebecca Clarke sitt "Chorus from Shelley's Hellas" og første sats frå Petr Eben sitt "Medicamina Sempiterna". To fabelaktige korkomposisjonar frå 1900-tallet: