Sankta Sunniva Kammerkor

Sankta Sunniva Kammerkor (StaS) vart skipa i 2002, som eit tilbod til unge songarar i Bergen med interesse for og kjærleik til god klassisk kormusikk. Dette skjedde etter eit initiativ frå Asbjørn Flåm, som då dirigerte Bergen Domkirke sitt guttekor "Olavskoret". StaS skulle vera eit kor for gutane som gjekk ut av Olavskoret. Desverre vart Olavskoret nedlagt, men StaS har levd vidare.

I 2009 vart koret ein del av Bergen Domkirke menighet sitt korarbeid og øver no i Johanneskirken. StaS har ofte konsertar i Bergen domkirke menighet sine kyrkjer, men har også reiser i inn og utland.

29. januar 2017 feierte StaS sitt 15-års jubileum. Det vart ein fin konsert.

I Februar besøkte me Oslo Domkirkes Ungdomskor, og hadde konsert, gudsteneste og hyggjeleg samvær med dei. Det var inspirerande.

I april hadde StaS gleda av å samarbeida med ein av Noreg sine fremste organistar, Sigurd Melvær Øgaard. Hovudverk på konserten var Bach sin motett Jesu, meine Freude. Gleda over å jobba med denne musikken var stor.

Semesteret vart avslutta med ei rekkje konsertar og ein tur til St. Petersburg.

Hausten 18 starta ved at koret fekk besøk av ungdomskoret April frå St Petersburg. Det var svært kjekt å ha dei på besøk etter å ha vore på besøk hos dei om sommaren. Det blir eit aktivt opphald med felle konsert, taco-tysdag, tur på Troldhaugen, Fløyen og dessutan besøk på Sunnhordland folkehøgskule og Halsnøy Kloster.

Kort tid etter svar det nytt besøk: Via Vitae - eit flott kyrkjekor med songarar frå heile landet. Me hadde konsert saman i Johanneskirken. Denne var i samarbeid med Bergen kirkeautunnale og, enno ein gong, Sigurd Melvær Øgaard. Stor Stas.

Året vart avslutta på topp. Først med julekonsertar i Domkirken - og dessutan opptrinn på Haukeland sjukehus. Og så kom plata "Amor es una lágrima" ut 12. desember. Den kan bestillast her!

Trur aldri koret har hatt eit så innhaldsmetta år, og er takksam for å få vera med på dette.

Besøk StaS på Facebook

Besøk StaS på Kirkemusikk i Bergen domkirke menighet sine sider