Under denne fana følger ei anbefaling med beskrivelse av utstyr som trengs for å tegne i felt. Etter kvart vil ein finne sine eigne metodar for å effektivisere og forenkla arbeidet med oppmålinga. Men som utgangspunkt kan denne lista være grei å ta tak i.
Nivelleringskikkerten er eit godt og sikkert verktøy til å sette vaterlinja som er utgangspunkt for oppmålinga.
Bruk av nivelleringskikkerten er ein grei og enkel måte ved oppmåling på litt større hus. Ikkje alle har tilgang til ein nivelleringskikkert og ein kan alternativt bruke vannvater eller lasermåler
Ein enkel og billig metode er å bruke ein blank slange med vatn i. Erfaring tilseier at slangen må ha ein litt stor diamter for at det skal bli nøyaktig.
Slange med vatn i gir horisontallinja
Laser er eit fint reiskap for å setta vaterlinja. Den kan stå montert og vise linja konstant under oppmælinga. Måla kan dermed lesast av direkte mot laserlinja. Krysslaseren som viser tre plan er særs nyttig her. Men vær oppmerksam på at det kan væra vanskeleg å sjå linja ute i dagslys. Laseren er kanskje mest aktuelt å bruke innandørs. Men med rett lyssetting (skugge) og kanskje ein grøn laser, kan den også brukast ute.
Eit lenger måleband, 20 meter pluss.
Det kan væra ein fordel med stålband, men det går fint med andre også. Pass på så det ikkje blir strekk i bandet.
Meterstokkar.
Lag nokre hol i meterstokkane slik at det er muleg å festa dei på veggen med ein syl eller spikar.
Nokre enkle målestavar.
Biletet under syner ein justerbar målestav. Det er laga måleatavar som studentane får bruke i øvingsoppgåvene på samlinga.
Millimeterpapir, A3 er ein grei storleik.
Vanlig skisseblokk/papir
Blyant. Erfaringsmessig er 0,3mm trykkblyant ein grei storleik for tegning på millimeterpapiret. Eit litt harda bly på 0,5mm er eit alternativ. Med vanlige blyanter bør ikkje blyet væra for blaut. F, H eller HB kan være greie å bruke.
Tegnebrett, her er det nok med ein lita plate xfiner, stor nok til å få festa eit A3 ark
Viskelær
Tusjpennar som brukast når det skal overførast på kalkerpapir.
Kalkerpapir viss det skal tegnast over på det, slik at det ved scanning får gjennomlysning.
Reduksjonsstav (målestokklinjal)
Diversse linjaler og nokre vinklar.
Murarsnor, eller anna egna snor. Den skal væra med å sette vaterlinja som blir brukt som utgangspunkt for å ta mål.
Murarlodd, eller noko som kan festast i ei snor for å få ei lodd linja. Greitt å ha moglegheit til å teikna ut frå ei lodd linja, eksempelvis når det skal teiknast enden på laftet.
Sylar eller spikar. Ved bruk av spiker kan det væra lurt å ha nokre som er litt store og nokre som er litt mindre. Store kan væra greie til å festa snora for å få vaterlinja. Dei mindre kan være til å festa evt. meterstokken når det skal lesa av mål.
Kompass. Ved teikning av situasjonskart bruker ein kompasset til å sette himmelretning på teikninga.