Under denne fana ligger det anvisingar i form av video og tekst der framgangsmåte ved oppmåling og teikning av ein bygning vert gjennomgått steg for steg.
Dette er berre ein av fleire moglege arbeidsmåtar i slikt arbeid. Eigne tilpassingar kan gjerast av kvar enkelt student i øvingsoppgåvene som skal gjennomførast i løpet av studiet.
Det er lagt op til ei manuell oppmåling utan bruk av laser og scanner eller digitale teikneprogram. Erfaring syner at manuell oppmåling er mest tenleg på mindre objekt. Innleige eller kjøp av dyrt utstyr er ikkje alltid rekningssvarande ved mindre restaureringsprosjekt.