Vaterlinja er grunnlaget for videre arbeid. Bruk av niveleringkikkert er ein trygg måte å få ei rett vaterlinje. Ved mangel på kikkert kan det nyttast ein blank slange med vatn i, som forklart under utstyr. Laser går fint, men kan være vanskeleg å sjå ute i det fri. Litt betre med dei lasarane som har grønt lys.
Laser med fjernavleser virkar også i dagaslys, men dette utstyret har vi ikkje tilgang til i denne omgang...
Ved bruk av kikkert, still inn i den høgda som er ønska med tanke på avlesning av mål ved snora.
Fest ein meterstokk vertikalt i det området det skal settast av merke til snora. Fest den slik at det er muleg å sjå meterstokken fra kikkerten.
Viss det er med ein hjelpar, er det enklare med ein målestokk og sette høgde og snor på den måten
Avles målet fra krysspunktet i kikkerten og merk det punktet på ein måte slik at første punktet til snora er lagt. Gjer det same på endepunkt for snora.
Etter at punkta er sett av, er det å montere snor og målband. Snora fester du på det punktet du fant med hjelp av kikkert. Snora vil nå væra i vater.
Målbandet plasserer du der det er best egna i forhold til snora. Ha målbandet i nærleiken til snora
Sjølv om huset er ute av vater, skal det jobbast ut fra ei vaterlinja
Monterer opp snor i vater
Moner målband i lag med snora, skal brukast til å gi y-aksen
Etter at snor er på plass, fest eit måleband i same retning. Du treng ikkje starte på null på båndet, kan velge velge eit krysspunt der det passer. I filmen er det på 5m. Du kan med fordel tegne inn krysspunktet på millimeterpapiret, då er det enklare å navigere når det skal tegnast. Fort det tar litt tid å bli van med å finne posisjon når det tengnast. Det er enklare dersom det er to som sammarbeider om oppmålinga. Den som tegnar kan ha fokus heile tiden på tegningen og ein slepp å leite på teikninga kvar gong det skal takast nytt mål
Her ser du koordinatsystemet med millimeterpapir kombinert med snor og vaterlinja
Video som viser framgangsmåten for å sette vaterlinja.