Oppmålingsarbeid kan være tidkrevjande, derfor er det viktig å få inn gode rutinar som gjer at ein føler seg sikker på prosessen. Det er viktig å innarbeide eit system for effektiv overføring av mål til teikninga. Dette kjem med litt trening, og ein vil på sikt sjå at dette kan gjerast ganske så effektivt.
Mange opplever nok at sikt arbeid kan gå litt tregt og tungt i starten, men erfaringar tilseier at det går fortare og lettare etter kvart som ein arbeider seg inn i det.
I forbindelse med antikvarisk arbeid er det laga oppmålingsteikningar i over 200 år her i landet.
Oppmålingsarbeid går i prinsippet ut på å framstille ein eksisterande bygning i teikningar. Det vert nytta plan, snitt, oppriss (fasade) og detaljteikningar. Samla viser teikningane forma på konstruksjonen og dimensjon på bygningsdelane.
Ved ei oppmåling er det ikkje vanleg å målsette teikningane (slik det ofte er gjort ved nyare prosjekterings teikningar). Ein skal kunne lese måla på bygningen og bygningsdelane, ved å måle på teikninga. Det gjer at det er viktig å ta vare på størrelse forholdet (målestokken) i teikninga.
Oppmåling og teikning eit godt verktøy for å bli kjend med tilstand og eventuelle skader på bygningen.