Vi opererer med blandalag, og kvart lag kan ha 6-10 spelarar.
Vil du vere med å spele volleyball, men manglar eit lag? Meld frå i skjemaet, så blir du sett opp på eit lag.
Eit kvart volleyballag med respekt for seg sjølv har ein heiagjeng. Anten innbytarane på laget eller eigne heiagjeng-medlem. Tenk ut eit kult konsept, lag eit heiarop og bli med å heie!
Beste heiagjeng blir premiert.
Det blir felles oppvarming kl.20:45
Kampstart 21:00
Kvar kamp varer i 10 min. og det er 5 min. pause mellom kvar kamp.
Detaljert kampoppsett kjem.